Eigna for vindkraft

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

NVE fortalde oss tidlegare i år kva område som er «eigna for vindkraft». Nordmøre har fått sitt område peika ut, Sunnmøre har eit mykje mindre, Romsdal har ikkje dei same kvalitetane, og er plukka ut som reserve.

Naturvernforbundet ser det som viktig at areala utanom desse areala no er fastslått ueigna for vindkraft. Verken Smøla eller Haram ligg i område som er eigna.

Kva for område er så dei eigna? Prosessen starta nok med det enklaste, kvar er det høveleg vind og lite turbulens. Dette er dei områda som kan gi best lønsemd. Det har altså aldri vore tanken å finne område der konfliktnivået er lite, viss kostnaden er høgare. At gode naturtenester kostar meir enn konfliktfylte naturtenester, det er altså ikkje eit tema for forhandlingar. Blås i klimaet eller i det biologiske mangfaldet viss det kostar noko!

Det neste omsynet som er tatt er om det finst eit straumnett som kan ta i mot meir straum. Nye, lange kraftliner tar for lang tid å planlegge og bygge.

Så er det nokre som har nærast vetorett. Kringkastinga, flyplasstenestene og forsvaret har alle sine grunnar til å plukke ut område som dermed er ueigna.

Alt dette er omsyn som i stor grad bygger på fysikk og matematikk. Resten som er igjen av omsyn som må takast er i mykje mindre grad handfast og målbart. Kor viktig er eit område for friluftslivet? Kor mykje betyr det at store dingsar i synsranda går rundt? Kor irriterande er støy? Kor viktig er det om det er ein eller to hubroar som kan ha hekkeplass i eit område?

Dei har prøvd seg på å måle slike ting også. Statleg sikra friluftsområde blir t.d. rekna som verdifulle  og er merka av. Dermed er det ein stor parkeringsplass på Fursetfjellet som er viktig å ta omsyn til. Nesten heile Moldemarka er ikkje statleg sikra, og er ikkje noko slikt omsynsområde.

Kartlegging av natur har i årevis gått føre seg der det skjer noko. Det er i nærleiken av busetnaden. I fjellet har det skjedd lite. Fjellområda er difor generelt lite kartlagd. Korleis slår dette ut? Lite kartlagd vil seie at verdifull natur i liten grad er kjent. Lite kjent verdifull natur blir rekna som eit argument for at det det er lite konfliktfylt å omdisponere. Å kartlegge verdifull natur kostar pengar, så det vil ein ikkje gjere før ein har funne fram til dei områda som skal byggast ut. Då er ein komen så langt, at det knapt finst så verdifull natur at han blir tatt omsyn til. Då får ein i høgda flytta ein veg frå reirkanten til bortom nabotreet.

Når naturen ofte er slik at han toler litt, og litt til og endå litt, og plutseleg toler han ikkje meir, då går det gale med naturen slik vi held på. Då blir kartleggingssystemet meir eit oversyn over kor gale det gjekk, enn å finne ut på førehand kva som kan vere lurt å gjere, for naturen og for oss.

Særleg friluftsliv og natur krev vesentleg meir kartlegging enn det vi gjer i dag, og det må gå over fleire år. Dei såkalla eigna areala må no gjennom ein prosess der endå mykje meir areal som klart er ueigna må ut. Så kan ein bruke større ressursar for å vurdere det som blir igjen.

Kanskje har vi vald feil metode for å finne dei rette plassane for å plassere vindkraftturbinar? T.d. kan det tenkast at det kunne ha vore eit par slike nettopp ved parkeringsplassen på Fursetfjellet. Der går det ei kraftline forbi, der er det brei veg omtrent heilt fram som truleg er eigna for lang transport. Der er det såpass med trafikkstøy frå før at litt vindturbinsvosj attåt ikkje merkast så mykje.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal