Eit delta i Austefjorden

Det er eit stykke igjen til at Volda kommune har verna 30% av areala sine, slik den nye naturavtala legg opp til.

Lokallaget har skrive brev til Volda kommune, der kommunen blir oppmoda om å verne eit brakkvassdelta i kommunen. Dette for at ein også kan ta vare på litt av denne naturtypen.

Volda kommune fekk elles eit særskilt ansvar for å ta vare på pusleplanta firling i Miljødepartementet sin postkortaksjon for meir enn 20 år sidan. Firling finst nettopp i det aktuelle området. Det er i alle fall observasjonar frå 2007 i området, så ein kan håpe at det ikkje har skjedd noko gale. Når ein har fått eit ansvar, er det kanskje like greitt at overleving av natur blir basert på litt tryggare grunn enn håp.