Eit forklaringsproblem?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Svein Rødal i Istad Nett seier til Romsdals Budstikke 6.1. «Det kan virke selvmotsigende, men det vil ha en negativ effekt og redusere importkapasiteten til Møre og Romsdal når den nye kraftlinja fra Järpstrømmen i Sverige til Tydal i Trøndelag står ferdig i løpet av året.»

Han seier samtidig at straumkrisa hans ikkje kan avlysast før den nye storlina frå Sogn er på plass.

Rødal har eit forklaringsproblem. Kraftmiljøet har forlanga å få lina frå Sverige og no hjelper det altså ikkje. Veit dei ikkje kva dei driv med, eller lurer dei politikarane og folket? Kvifor skal nokon tru at eit av dei største naturinngrepa i Noreg i form av kraftline frå Sogn til Møre skal hjelpe? No er Rødal nøydd til å forklare dette slik at både naturvernarar og politikarar på Stortinget og i fylkestinget kan forstå det.

Utan ei god forklaring er det Naturvernforbundet sin påstand at når det hjelper meir med ein pelletsomn i Møre og Romsdal enn ei ny stor kraftline frå Sverige, då satsar vi på pelletsomnar og andre energisparingstiltak framfor kraftlina frå Sogn også. Det er i alle fall enkel lærdom at når nokon sparar ein kilowattime så er det andre som har meir bruk for han som kan bruke han i staden. Mykje rimelegare, enklare og snarare er det også. I tillegg betre for miljøet.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen