Eit postkort

Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Alle ordførarane i landet har fått eit postkort. Mange av dei har samtidig fått ei aha-oppleving. For postkortet fortel om ein art dei har i sin kommune som dei må passe godt på. I mange høve finst arten berre hos dei. Mang ein ordførar har vel uttalt allereie at dette visste han ikkje noko om.

Det er mykje vi ikkje veit, og det vi ikkje veit kan vi i dette høvet få vondt av. Ein klassikar er historia om den sveitsiske kjemikaren Dr. Hans Peter Frey som i 1969 stoppa på ein vakker stad ved Dyranut på Hardangervidda, knipsa eit bilete og tok ei jordprøve. Heime isolerte han soppane i denne jordprøva og testa dei. Han fann ikkje det han leita etter, men noko heilt anna. Sekksporesoppen Tolypocladium inflatum produserer det stoffet som kallast Syklosporin A. Dei som har vore gjennom ein transplantasjon veit mykje meir om det stoffet, og dei kan vere glade for den gode utsikta på Hardangervidda som førte til at stoffet med få biverknader blei medisin. Stoffet blir framleis dyrka fram av soppen som blei funnen på Hardangervidda i 1969. Same soppen funnen andre stader har ikkje heilt dei same eigenskapane. Omsetninga er på nærare 10 milliardar årleg, og mange kan takke for si gode helse av den grunn.

Viss det hadde vore ein ordførar som hadde gjeve løyve til å rette ut ein sving eller eit anna tiltak på Hardangervidda utan å undersøke først, kunne denne historia aldri blitt noko av.

Stortinget har vedtatt at tap av biologisk mangfald skal stoppast innan 2010. Kommunane har handa på svært mykje av arealforvaltninga. Det skjer nesten ikkje arealdisponering utan at kommunen har noko med vedtaksprosessane å gjere. I ein del kommunar har ordføraren ein eller annan som veit litt meir om dyr og planter som finst, men kunnskapen er svært ofte mangelfull. I ein del høve kan den som har ansvaret for dette ha biologi frå ungdomsskulen som høgaste kompetanse.

I Noreg har vi oversikt over ca. 40 000 artar av fleircella organismar, men det er sannsynleg at det kan finnast 10 000 til som vi i dag ikkje veit om. Vi trakkar altså rundt i naturen som ein elefant i glashus medan artar vi ikkje veit noko om forsvinn. Så ler vi av at det er eit problem: Det går ikkje an å stoppe utviklinga, blir det sagt.

Det er på tide at kunnskapen på dette området blir rusta opp, slik at det biologiske mangfaldet har ein sjanse. Neste gong kan det vere deg eller meg som treng ein ny medisin for å berge livet. Synd om den sjansen forsvann utan at nokon tenkte noko over det. Miljøvernministeren skal ha takk for at han sendte postkort denne våren som ei påminning om at dette må vi gjere noko alvorleg med.

Øystein Folden

Lear, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen