Eit stykke att når det gjeld økologisk skulefrukt i Møre og Romsdal

Det er bra at barn i Møre og Romsdal får så mykje frukt, meiner Naturvernforbundet, som likevel kunne ønskja at alle fekk økologisk skulefrukt.

Sosial- og helsedirektoratet har lagt fram oversikta som viser at Møre og Romsdal er på topp i landet når det gjeld skulefrukt.

Skulefruktordninga er eit viktig tiltak. Frukt og grønt er gode mellommåltid for store og små. Når elevane samstundes gjør ein innsats for å redusere forureininga frå og giftbruken i landbruket gjennom å spise økologisk frukt blir vinsten enda større. – Naturvernforbundet ønskjer difor at skulefruktordninga og ei eventuell skulematordning skal vere heilt økologisk, seier leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden.

Dette er ikkje eit urealistisk krav. Også i Danmark er det for tida ein debatt om skulemat. Der vurderer Fødevarestyrelsen om alle born skal få eit økologisk måltid for dag. I valkampen var også Møre og Romsdal Arbeiderparti inne på dette.

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.