EKSETVIKA STRANDRYDDEDAGEN LAURDAG 4. MAI kl 12-
.
STRANDRYDDEDAGEN er no på laurdag, og vi skal rydde Eksetstranda / Eksetvika i år.
Sagarelva, som renn frå Furene til Egsetvika kan vi også rydde langs. Og om vi er mange nok, så trengs det og rydding i dei bratte skråningane nedanfor vegen i Alida. Men her gjeld det å velje tur etter evne!
Vi trur her er søppel nok å ta tak i for alle!
Vi startar opp kl. 12.00 ved Sivert Aarflot-museet. Der vil vi dele ut hanskar og sekkar. Skilting frå Berknesvegen.
Dei fulle sekkane samlar vi på parkeringsplassen ved museet.
Om du treng vegleiing på aksjonsdagen, så ring Geir Helge på 91196349.
Håper å sjå deg i Egsetvika!
Helsing frå oss i lokallagsstyret.
Naturvernforbundet i Ørsta og Volda.
P.S.: Teikn deg gjerne med på FB- hendinga: https://www.facebook.com/events/334041547306390/
og følg med på FB-sida vår: https://www.facebook.com/Naturvernforbundet-i-%C3%98rsta-og-Volda-2172623209457842/