Ekstrem oppussing

Naturvernforbundet i Ålesund og omegn har fått eit spørsmål om TV3-programmet Ekstrem oppussing.

Frå ein barnehage som er Miljøfyrtårnsertifisert og medlem av Naturvernforbundet fekk lokallaget denne kommentaren:

«I går blei det ein diskusjon på personalromet rundt opp-pussingsprogram påTV som er ganske i vinden for tida. Fleire av dei er fornuftige med fleirbruk og gjenbruk, men så fortalte nokon om «Ekstrem opp-pussing» på TV3 der Asgeir frå barneTV er programleder. Der går dei inn med øks og slegge og knuser alt innventar, brukbare kvitevarer og så vidare.

Vi syntes dette høyrdest frykteleg ut. Ekstra gale er dette i lys av oppdragereffekten som ein barneTVprogramleder kan antas å ha.»

Naturvernforbundet har undersøkt saken.

Det er Rubicon som har laga Ekstrem oppussing, http://www.ekstremoppussing.no/, og her ser det ikkje ut til at miljøsanering, kildesortering eller gjenbruk har vore tema.

TV3 seier heldigvis dei ikkje skal sende fleire program.