Ekstremistar og kraftpolitikk

Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Mellvin Steinsvoll held fram som før, i alle fall som kraftsosialist og skribent. Når han skriv om politikarskapt kraftkrise så kan han ha mykje rett i det. Rolla han tildeler natur- og miljøvernarane er derimot tøvete.

Dei dyre straumprisane skuldast ikkje manglande utbygging. I Noreg har vi alt bygd ut 2/3 av vassdragsressursane våre, og mesteparten av det som er att må få lov å vere vassdrag og ikkje tørre bekkefar. Årsaka er helst at vi som i mange andre samanhengar tar enklaste veg. I energisamanheng tyder det å bruke meir straum. Det har vi gjort utan tanke for om det finst meir straum tilgjengeleg. Viss ein lønstakar gjer på same måten, går han konk. Politikarane si rolle? Dei har klappa i hendene over ”utviklinga” i staden for å vise veg og peike på korleis vi kunne avgrense energibruken og klare oss med det vi har.

Når Steinsvoll skuldar miljørørsla for å ville legge ned den kraftkrevjande industrien, tar han feil. Naturvernforbundet ønskjer ikkje den kraftkrevjande industrien til livs, men vi tykkjer det er rett at også denne industrien bør sjå på korleis dei nyttar energien. I vår energigjennomgang finn vi at kreftkrevjande industri i Midt-Noreg bør kunne redusere forbruket med ca. 1,5 TWh innan 10 år utan å redusere produksjonen. Heilt utan kostnad blir det ikkje, men ikkje verre enn at det bør vere mogleg.

Viss miljørørsla hadde fått det som vi ville så hadde vi slutta med å auke energiforbruket. Utan auke kunne det vel hende det var eit visst overskot på straum, og med overskot hadde ikkje prisen dratt i veg på same måten. Skal nokon tildelast skuld for auka straumpris så er det dei som har auka forbruket sitt som er rette adressaten. Dette har ikkje miljørørsla skulda for.

Elles ligg det i energisektoren store godbitar i form av arbeidsplassar til Steinsvoll. Naturvernforbundet vil heller ha folk ut i utmarka for å hente skog til flis og pellets. Då er det tale om i alle fall 400 arbeidsplassar for å produsere ein TWh med energi. Det tykkjer vi er betre enn å satse på meir energikrevjande industri. For kvar tilsett ved Hydro Sunndal blir det brukt meir enn 5 000 000 kilowattimar. Ein familiebustad brukar til samanlikning 20 000 kilowattimar.

Når Steinsvoll no vil ha miljøvernarane av banen slik at politikarane kan løyse ”kraftkrisa”, set han saka på hovudet. Naturvernforbundet har i alle fall lagt fram ein rapport som viser løysingar på problemet. Desse løysingane verker også i åra før 2010. Får politikarane i fylket halde på utan vår hjelp, skal dei visst lage mykje straum, men det er ikkje noko å tale om før i 2010 eller 2012. Og løysinga dei har er i alle fall ikkje sunt for kloden.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Innlegget til Melvin Steinsvoll