Endeleg blir vegen ferdig!

Lesarbrev frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Naturvernforbundet vil gratulere Tusten Tunnelselskap AS med vedtaket om å bygge gangveg i Malmekleiva og Årødalen.

Når det først skal byggast vegar, kan dei ikkje reknast som ferdig før fotgjengarar og syklistar har fått dei forholda dei fortener. Når ein tunnel fører til auka trafikk på vegar i området, er det berre rett og riktig at gangvegen blir bygd. Det er viktig at folk flest kan ferdast trygt utan å måtte bruke bil om det går an å seie det slik. Det har helsa og miljøet godt av – mykje meir enn dei fleste veit om. Gangvegen skulle ha vore bygd for lenge sidan, gjerne samtidig med tunnelen, men det er i alle fall betre seint enn aldri.

Elles gjer det ikkje noko at det kostar litt ekstra å køyre med bil gjennom Tussentunnelen eit par år til. Viss fleire tar bussen, kan tilbodet aukast og bli eit svært bra alternativ til privatbilen. Om 10% av bilane blei ståande i garasjen, ville det gå nokre bussar til i kvar retning dagleg. Då er det rom for både betre rutetilbod og lågare billettpris. Det vil i alle fall miljøet ha godt av – mykje meir enn dei fleste tenkjer på.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal