Energisituasjonen i Midt-Noreg: Naturvernforbundet tek opp dei gode løysingane

På Forum Fornybar presenterte Mads Løkeland frå Naturvernforbundet igjen dei løysingane Naturvernforbundet har lagt fram for å gjere noko med energisituasjonen i Midt-Noreg. Løkeland framheva at vi må redusere klimagassutsleppa til 1/10 og at det er mogleg å få 5 TWh frigjord elektrisitet innan 2015 dersom ein bruker kraftlinepengane til Ørskog Fardal til energieffektivisering.

DTP20

Naturvernforbundet viste til at også regjeringa har slutta seg til målet om å redusere klimagassutsleppet til 1/10, noko som krev både effektivisering og ein sterk reduksjon i forbruket for å oppnå berekraft. Når det gjeld elektrisitet, meiner Naturvernforbundet at vi må oppnå ein total energieffektivisering på over 50 % dersom vi skal følgje IEA.

Løkeland streka i innlegget sitt under at det er mogleg å oppnå 3 – 5 TWh energieffektivisering i Midt Noreg dersom ein bruker 2,3 milliardar i stønad (tilsvarande kraftlinja Ørskog – Fardal), og at vi kan få ut mykje i løpet av få år, men ikkje at ein får 5 TWh innan 2015.