Energispørsmål og «energikrisa» i Møre og Romsdal

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Det er på tide å stille spørsmål ved dei mange påstandane om at den eine eller andre miljøøydelegginga er nødvendig for å sikre lys i stovene i Møre og Romsdal framover.

Det er ei myte at straummangel må løysast med ny produksjon. Ein spart kilowatt er like god som ein ny når det gjeld å lage aluminium. På alle andre områder er ein spart kilowatt betre enn ein ny.

Ein ny kilowatt treng nye kraftliner, ein spart kilowatt treng det ikkje. Ein ny kilowatt krev ny bruk av natur, ein spart kilowatt gjer det ikkje. Ein ny kilowatt frå bekkekraftverk er meir utsett for å tørke vekk utpå vinteren i eit tørrår, ein spart kilowatt kjem i større grad frå vassmagasin og tørkar ikkje så lett vekk. At nye kilowatt skal bli så rimelege at tungindustrien ved det får rimeleg straum er også eit underleg reknestykke. Føresetnaden då er at industrien får den gamle og rimelege straumproduksjonen kasta etter seg. Den nye dyre gasskraftstraumen er det nok dei vanlege forbrukarane som må betale for.

Viss engasjementet og vilja til å bruke andre sine pengar var like stor knytt til løysingar for meir effektiv energibruk som han er for å lage gasskraftverk, ville vi ikkje berre ha funne løysingane, men vi hadde langt på veg kunne ha gjennomført dei også. Dette er ikkje ei lettvint utsegn frå Naturvernforbundet. Dette har vi arbeidd mykje med, og vi har konkrete løysingar på dette. Rapporten finst på Naturvernforbundet si nettside www.naturvern.no.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar