Engasjement nyttar – betre busstilbod er mogleg

Ein oppgitt naturvernleiar klaga på manglande samanheng i bussrutene frå Tingvoll. Fylkeskommunen snudde rundt og ordna opp!

Det heile starta med ein epost om morgonen 3. januar frå fylkesleiar Øystein Folden i Naturvernforbundet til samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune:

«Eg sit og skriv inn bussrutene gjennom Tingvoll i min nye sjuandesans. Når eg har dei oppskrive har eg også sjanse for å få nytta dei best mogleg. Då ser eg eit par raritetar i lista som kjem opp frå Trafikanten:

Døme 4.1.2011:
Krifast – Tingvoll
21.50 – 22.25
21.55 – 22.30

Går det virkeleg to bussar på den tida med 5 minutt mellomrom? Då ville eg heller gjerne hatt ein buss gjennom Tingvoll tidlegare på dagen. Det er t.d. eit hol mellom 13.45 og 17.20 som ein treff på såpass ofte og er såpass langt at ein køyrer til Krifast i staden for å ta bussen om morgonen frå Tingvoll for å ha ein bil å køyre med heim igjen. Det er liksom ikkje det store at bussen passer godt ein veg og så blir ein sitjande på Krifast i 2-3 timar på vegen heim igjen.

Så er det ei morgonrute som startar (med kald buss) frå Tingvoll kl 07.05 og når Krifast kl 07.40, 2 minutt etter at Timeekspressen har passert Krifast sørover. Kvifor kan ikkje denne bussen starte 5 minutt før frå Tingoll og kome til Krifast 3 minutt før sørgåande Timeekspress har passert? Å kome seg til Molde til litt over halv ni om morgonen i staden for litt over halv ti er ofte skilnaden mellom buss og bil i alle fall til Krifast.

Skilnaden er sjølvsagt ikkje stor, men for den som vil til Angvik er det faktisk heilt avgjerande. Viss ein når bussen sørover 07.38 korresponderar det på Batnfjorden til Angvik. Tar ein ikkje sjansen på at Tingvollbussen er på Krifast før ruta det må ein reise dagen før om ein vil reise kollektivt. T.d. kan ein då legge seg inn på hotell i Molde om natta og så droppe frukosten og heller ta nordgåande som er i Batnfjorden kl 07.55 for å kome seg til Angvik. Men det finst sjølvsagt ingen som skal til Angvik, i alle fall ikkje med buss? Bortsett frå meg for ei tid tilbake då Vegvesenet inviterte til eit stort møte i Angvik om betre kommunikasjon (KVU-møte om E39). Det var då eg oppdaga kor vanskeleg det er å kome frå Tingvoll til Angvik kollektivt, sjølv om eg kan sjå heimanfrå til Angvik.

Det kunne ha vore sagt mykje meir, men dette får bli ei lita påminning om at Naturvernforbundet er her framleis, og vi ønsker eit godt tilbod til den halvparten av befolkninga som ikkje køyrer sjølv, og dei som gjerne vil spare miljøet for nokre klimagassutslepp.

Med helsing

Øystein Folden
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal»

Berre eit par timar seinare kom det trivelege svaret frå Samferdselsavdelinga i fylkeskommunen: «Godt nytt år!


Takker for gode innspill som kan bidra til å høyne kvaliteten på produktet som tilbys de reisende. Jeg har sett nærmere på detaljene, og kan si at det som fremkommer som unødig dobbeltkjøring i virkeligheten skyldes at kartet ikke stemmer med terrenget ved at samme avgang er oppført i to tabeller, og at det ved en feil har blitt avvik i passeringstider i de to tabellene.

I ruteheftet til Nettbuss Møre (tilgjengelig på www.177mr.no) finner vi følgende:

Rute 901/904 Fra Kristiansund 2105:
Dette er samme avgang beskrevet i to rutetabeller( Kristiansund -Oppdal og Kristiansund – Surnadal), og det som kan gå galt går oftest galt, her ved at de to tabellene har avvikende passeringstid på Krifast, i praksis trolig løst ved at bussen kjører fra Krifast klokken 2155.  

Forslaget om å koble avgangen fra Tingvoll 0705 med TIMEkspressen er godt, og er også tatt inn i rute 901 og rute 904, der det framgår at man kan reise fra Tingvoll 0705 med videreforbindelse fra Krifast 0740 til Molde. Her burde det også kommet fram at det er tilknytning til TIMEkspressen til Ålesund og Ørsta/Volda.

Koblingen klokken 0740 kommer ikke opp i Trafikantens søkemotor, noe en framskynding med 2 minutt fra Tingvoll kunne løst.



Med vennlig hilsen

Rolf Stavik
Rådgiver –  samferdselsavdelinga
Møre og Romsdal Fylke

Arild Fuglseth
Samferdselssjef
Møre og Romsdal fylkeskommune»