Enoksen varslar miljøsvik
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen har gått ut og varsla at det kan vere aktuelt å opne for bygging av eit forureinande gasskraftverk på Skogn i Nord-Trøndelag. – Dersom regjeringa står bak dette, er det eit miljøsvik av dimensjonar, seiar leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken.
I Soria Moria-erklæringa er det semje om at all ny gasskraft skal ha CO2-handtering. Dette har vore regjeringa si fanesak i klimapolitikken.
Eit gasskraftverk på Skogn vil utan rensing sleppe ut over 2 millionar tonn CO2 i året. Det tilsvarar utsleppa frå over 700 000 personbilar. Konsesjonen til gasskraftverket blei gitt av den forrige Stoltenberg-regjeringa, etter at ei regjering av Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti gikk av 9. mars 2000 på saka.
– Eit gasskraftverk utan rensing vil føre Noreg enda lenger vekk frå måla i Kyotoprotokollen, seier Lars Haltbrekken. – Noreg er allereie i dag eit av dei landa som er lengst frå å nå måla vi har fått om å redusere klimagassutsleppa.
– I 2000 var Senterpartiet med på å skrive seg inn i miljøhistoria med gullskrift. I dag slår partiet kontra og går saman med forureiningskameratane i Arbeiderpartiet og LO som har ivra for bygging av eit forureinande gasskraftverk på Skogn.
Eit gasskraftverk på Skogn vil neppe kunne stå ferdig før eit stykke ut i 2009. Dette er samstundes som at gasskraftverket på Kårstø får installert sitt renseanlegg.
– Det vil vere eit stort paradoks dersom det blir bygd eit forureinande gasskraftverk på Skogn, samstundes som eit gasskraftverk med full CO2-handtering står ferdig i Rogaland, seier Haltbrekken. – Enoksen har fleire ganger sagt at Noreg skal bli eit føregangsland når det gjeld CO2-handtering. Naturvernforbundet kan ikkje sjå at Noreg blir føregangsland på noko anna ein CO2-utslepp dersom vi gir løyve til fleire forureinande gasskraftverk.
Haltbrekken stiller også spørsmål ved om vi vil få noko satsing på CO2-handtering i det heile, dersom det blir opna for utbygging av gasskraftverk utan slike krav. – Kven veit kva miljøløfte regjeringa spring frå i morgon?
Lars Haltbrekken har telefon 91 61 21 91.
Det som står i Soria Moria-erklæringa er:
«Naturkraft har startet utbyggingen av gasskraftverket på Kårstø. Regjeringen vil sørge for at arbeidet med å etablere et fullskala anlegg for CO2-fjerning på Kårstø startes, og bidra økonomisk til dette. Målet er at fjerning av CO2 skal skje innen 2009, slik at det blir mulig å bruke denne som trykkstøtte for felt i Nordsjøen.Dersom det blir aktuelt å ta i bruk de gitte konsesjonene for gasskraftverk på Skogn og Kollsnes vil Regjeringen også bidra til CO2-fjerning ved disse.
Gjennom økonomiske virkemidler og satsing på ny teknologi vil vi sørge for at nye konsesjoner til gasskraft skal basere seg på CO2-fjerning. Norsk sokkel kan bli et deponeringssted for store mengder av CO2, og CO2 kan brukes for å få mer olje og gass ut av sokkelen.»
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar