Er 5000 dagar nok?

I 2010 sende Naturvernforbundet eit spørsmål til Tingvoll kommune. Saka er vel no modna nok?

Ei sak kan bli betre av å modnast litt før det kjem ei avgjerd. Skiltsaka ved Skjevlingsneset har sikkert modna nok no. Det har gått meir enn 5000 dagar sidan Naturvernforbundet sende det første brevet.

Kommunen har ansvar for å ta vare på friluftslivet sine rettar. Når kommunen ikkje gjer noko, forsvinn slike rettar. Difor er det nødvendig at kommunen gjer eit vedtak.

Naturvernforbundet har ikkje noko i mot eit vennleg skilt om at huset i stranda er privat. Problemet oppstår når tilkomsten til halve neset er stengt med skilt. Dette kan kommunen rydde opp i. Parkeringsplassen ved flytebrua er elles ein av dei få stadene det er tydeleg at ein kan parkere. Område brukande til friluftsliv blir dermed særleg verdifulle.

Her kan du lese breva som er sendt i denne saka: