Er det ingen kommunar frå Sunnmøre som vil vere med i klimanettverk?

KS inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å vere med i klimanettverk. Responsen på Sunnmøre har vore litt tilbakehalden.

Melding til kommunane på Sunnmøre: Naturvernforbundet har fått melding om at det førebels ikkje er nokon kommunar frå Sunnmøre som har meldt si interesse på dette initativet frå KS om deltaking i eit klimanettverk (sjå brevet som ligg ved). No når sommerferien går mot slutten er dette kanskje aktuelt å sjå på ein gang til? Kommunane si rolle i klimaarbeidet er svært viktig, og vi treng kommunar som tek initiativ.

—–Opprinnelig melding—–
Fra: Synnøve Valle [mailto:synnove.valle@ks.no]
Sendt: 14. august 2007 15:31
Til: moreromsdal@naturvern.no
Emne: SV: Kor mange svar har du fått på denne?

No er det sannsynlegvis seks:

Sunndal

Surnadal (skal drøfte i kommunestyret)

Midsund (skal drøfte i kommunestyret)

Rauma

Fræna

Molde (munnleg påmelding)

Som du ser, er ikkje alt 100% sikkert, men vi satsar på dette blir bra… Kan hende kjem det fleire ut over i veka.

Helsing Synnøve

Synnøve Valle

rådgivar Frivilligprosjektet/Livskraftige kommunar

Vev: www.mrfylke.no

www.ks.no

www.livskraftigekommuner.no

Telefon: 71 25 89 14/91 18 38 66


Fra: Naturvernforbundet i Møre og Romsdal [mailto:moreromsdal@naturvern.no]
Sendt: 13. august 2007 20:33
Til: Synnøve Valle
Emne: Kor mange svar har du fått på denne?

Invitasjon til klimanettverk

Av Synnøve Valle, 21.06.2007

Printervennlig versjon

Kommunane kan spele ei viktig rolle i den framtidige klimapolitikken. No vert kommunane i Møre og Romsdal inviterte til å vere med i nettverk for å arbeide meir med klimaspørsmål.

Invitasjonsbrevet finn du her.

Brev til kommunane frå KS