Er fuglar verdt meir enn menneske?
Olje- og energidepartementet har avgjort at den nye kraftlina gjennom Hareid skal gå i kabel forbi Grimstadvatnet naturreservat og i luftspenn forbi bustadfelt i Hareid. Avisa Nytt i Uka er forarga på leiarplass 17. august.
Naturvernforbundet har arbeidd i mange år for å få kabling av høgspentliner, både i naturområde og bustadområde. Både kraftnettbransjen, NVE og Olje- og energidepartementet har vore ihuga motstandarar av ei kvar form for kabling. Dei har frykta at det å gi seg ein plass kan føre til eit ras av nye krav om kabling av kraftliner. Det er difor gledeleg at miljøinteressene no har fått medhald i Hareid, sjølv om dette førebels berre er ein delsigar. No må vi sette vår lit til Tussa.
Naturvernforbundet vil åtvare mot at det er fuglane som blir syndebukk, store stygge ulvar eller andre dårlege metaforar i denne saka, slik leiaren i Nytt i Uka litt lettvint kan tolkast. Dersom vi skal få fleire høgspentlinar i kabel i Noreg må dei som vil ta vare på dyr og dei som vil ta vare på folk og vi som vil ta vare på beggje deler stå samla. Motkreftene er framleis sterke, sjølv om vi no ser tegn på at kabling faktisk kan vere eit alternativ til luftspenn.
Øystein Folden
leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal