Er sprøytinga lovleg?

Naturvernforbundet har mottatt reaksjonar på at det blir brukt sprøytemiddel på ein del areal knytt til vegane i sørfylket. Naturvernforbundet er usikre på om sprøytinga er lovleg og ber Kolo veidekke om ei forklaring.

Dei områda Naturvernforbundet spør om er – Rasteplass i Strandadalen – Oppstillingsplassen ved ferjeterminalen på Hareid – Rasteplass i Drageskaret

Det fanst ikkje oppslag om sprøyting på desse stadene. Så langt vi veit skal sprøyta område merkast, slik at folk flest kan halde seg unna om dei ønskjer det. Unnatak for denne regelen gjeld berre grøftekant, og nemnte areal er ikkje rekna som grøftekant. Viss det er rett at det er brukt eit glyfosatprodukt, kan det sjå ut til at sprøytinga har skjedd på ulovleg vis.

Naturvernforbundet viser til miljøinformasjonsloven og ber om svar på følgande spørsmål: 1. Kva sprøytemiddel som er brukt. 2. Kopi av dokumentasjon for korleis sprøytinga har foregått 3. Oversyn over dykkar strategi for sprøyting av areal langs trafikkareal 4. Grunngjeving for at sprøyting blir brukt framfor mekanisk vedlikehald.

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden, kan kontaktast på 91 81 25 42.

Les brevet frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Kolo veidekke AS

Svar frå Kolo veidekke