Erga må ikkje leggast i røyr!

Fråsegn vedtatt av årsmøtet i Naturvernforbundet i Sunndal.

Erga må ikkje leggast i røyr!

Naturvernforbundet har sett med stor undring at Sunndal Energi med fleire ønskjer å bygge kraftverk ved Erga.

Sjølv om vatn er ei fornybar ressurs, er ikkje landskapa det. Gjennom hundre år har vi bygd ut dei store vassdraga, og etter kvart har vi endeleg oppdaga at vi treng i alle fall nokre av dei urørte. Ein del menneske har stridd store kampar, betalt bøter og har vore fengsla før vi skjøna alvoret og sparte ein del av dei vassdraga som var att. Dessverre blei det for seint med ein del av dei flotte vassdraga ? nokre av dei flottaste og mest verdfulle har no tørka og produserer kjedelege kilowatt i staden for å lade batteria våre på andre måtar.

Akkurat det same held på å skje med småvassdraga våre no. I tur og uorden kjem det søknader om å bygge dei ut, før vi veit ordet av det er dei lagde i røyr.

Naturvernforbundet vil peike på at Erga er ein del av eit miljø med mange kvalitetar og store moglegheiter for alternativ bruk og næringsutvikling. Stopp prosessen med Erga, la Erga renne fritt også i framtida!