Eternitt på Eide miljøservice

Epost 31. oktober 2007 til Møre og Romsdal fylke om mottak av asbesthaldig eternitt.

Eg har no vore i kontakt med Arbeidstilsynet om saka. Dei viste meg tilbake til dykk.   For å oppsummere saka:   Ein person som leverte avfall ved Miljøservice AS, Eide, observerte at det samtidig blei levert eit lass uembalert eternitt. Ved eit nytt besøk eit par veker seinare var heile eller mesteparten av eternittpartiet framleis på same plassen, uembalert. Dette skal ha vore no i oktober.   Eg har ikkje heilt oversikt over om eternitt inngår i bygningsavfallsdelen 3.1 A, eller den delen som krev løyve som spesialavfall jf. 3.1 C. Sistnemnte løyve trur eg ikkje eg har tilgjengeleg.   Elles nemnte same kjelde at han, også i oktober, hadde registrert stank frå anlegget og stor kråketrafikk. Det er sagt noko om våtorganisk avfall i løyvet, men det er også ein passus med RIR, så eg veit ikkje heilt kva eg skal rekne som normalt innafor løyvet.     Slik eg kjenner Miljøservice AS er det vel lite truleg at min tipsar vil stå fram, så eg går ut frå at det er vanskeleg å forfølgje saka utan ved tilsynsbesøk.       Det vil vere bra om eg får tilbakemelding på om observasjonane gjeld tilhøve som kan vere innafor løyvet, eller om det kan vere tale om ting som er ulovlege. Så lenge ting ikkje kan dokumenterast vil det jo vere avgrensa kva som kan gjerast med det, men eg vil tru eg kan få eit korps av tipsarar viss dei kan få tilbakemelding på slikt som dette. Ein del slike tips kan gje grunnlag for oss til å stille spørsmål til verksemda frå tid til annan, og det kan jo vere ein fordel til vi veit at verksemda driv bra.        Med helsing     Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal