Få slutt på vanen!

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Tunnelselskapet for Atlanterhavstunnelen har visst talt. Dei som skal bruke bussen mellom Averøy og Kristiansund må betale på moroa. Fylket har visst også talt. Det er best å sjå om kostnaden fører til at folk sluttar å ta buss før noko blir gjort.

Til no har bussbrukarane hatt ein fordel. Dei kunne betale for seg sjølv, men trong ikkje køyrety over med ferja. Samfunnet har fått tilbake i form av mindre bilar i Kristiansund sentrum og mindre klimagassutslepp. Kan hende litt betre helse også. Når tunnelen kjem skal dei framleis betale for seg sjølve, men dei må altså også betale for at bussen skal køyre ein del ekstra kilometer og dessutan altså bompengane for køyretyet.

Endeleg blei det tatt grep slik at det ved tunnelopninga skulle bli eit attraktivt kollektivtilbod. Det er gjort undersøkingar og det er lagt opp til eit godt rutetilbod. Kan hende lærte nokon av kva som skjedde med Eiksundsambandet. Flaggskipet som skulle knyte området til ein arbeidsregion gløymte bussbrukarane, og dei kom heilt håplaust ut med dårlegare rutetilbod enn før. Dei som ikkje kunne køyre sjølve fekk mykje lengre arbeidsdag og andre måtte vurdere å flytte eller byte jobb/studiestad. Det må for all del ikkje skje igjen med Atlanterhavstunnelen.

Dei som tar buss gir avkall på å kunne køyre frå dør til dør. Dei må også stille opp når bussen går. Då er det lett å bruke bilen i staden. Eit rimeleg busstilbod hjelper på motivasjonen til å køyre kollektivt, og bussar som går ofte gjer at det blir eit godt tilbod, særleg når ein må bruke ein del tid på å få parkert bilen i Kristiansund. Men dyrare buss og at han ikkje går så ofte fører til meir bilkøyring. Det vil dessverre bli resultatet av dei vedtaka som no er gjort.

Når folk har vent seg av med å ta bussen skal politikarane altså gjere noko med det, har dei lova. Å venne av folk med sunne vanar for så seinare å få slike vanar på plass att har ingen lukkelege døme å ta etter. På ein strekning der folk har i blodet at kollektivløysinga er bra bør ein sjølvsagt ta vare på desse haldningane. Ikkje avlive dei for så å prøve å bygge dei opp igjen. Klimaproblema som er i sikte etterlet ikkje tvil: Fleire må i framtida køyre kollektivt, særleg der det er mange som skal same veg.

Politikarar er nokre vanedyr. Dei lover at kollektivtrafikken skal få betre kår. Når dei får høve til å vise i praksis kva det tyder kjem det slike avgjerder som dette.

Ved valet om eit år vil alle politiakarar som lover betre tilhøve for kollektivtrafikken bli stempla som løgnarar om dei ikkje dette siste året viser at dei faktisk gjer noko bra for kollektivtrafikken.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal