Fakta: Minikraftverk – miniproblemer?

Dette er ein gjennomgang av minikraftverksituasjonen no, sjølvsagt farga av Naturvernforbundet sin ståstad, på førespurnad frå Bård Siem, Sunnmørsposten. Om bruken av dette stoffet: Dette er meint som bakgrunn og må bearbeidast journalistisk. Ein del av formuleringane kan brukast, men avtal dette med Øystein Folden først. Vi kjem til å arbeide med denne saka også gjennom lesarbrev, så dei delane av stoffet som har mest preg av partsinnlegg kan det vere mest ryddig å ta på den måten. Brevet som ligg ved, sendt ut i 2004 er offentleg og kan nyttast utan vidare.

Etter at Jens Stoltenberg sa at dei store kraftutbyggingane er forbi, har det skjedd noko med småvassdraga. Dei minste utbyggingane, mikrokraftverk, er det ikkje så mange av, men minikraftverksøknadene haglar no inn. Det er utbyggingar som er aktuelle i vassdrag som er akkurat så store at det blir bru i staden for røyr under hovudvegen for å seie det litt enkelt. I nokre kommunar er no bortimot alle vassdrag i aktuell storleik omsøkt utbygd. Volda, Ørsta og Stranda er kommunar i sørfylket med mange søknader. Det er også ein del søknader for vassdrag litt større enn for minikraftverk.

Det tar litt tid å handsame søknadene, og det tar litt tid før utbyggingstiltaka syner for folk flest. Når vi ser kva som skjer i bygdene våre, vil vi nok reagere som vi gjorde med dei store vassdraga – vi oppdagar at vi vil at ein del vassdrag skal vere fri for utbygging. Med den pågangen det er med søknader no, vil vi oppdage det så seint at svært mange søknader er ferdig handsama og innvilga. Då er det for seint!

Sjølv om det heiter minikraftverk er det ikkje tale om miniproblem. Dei generelle trekka er at ei elvestrekning misser mykje eller alt av vassføring. Det er den strekninga som ofte syner mykje, som kastar seg utfor fjellsidene. Strekningar der elva går roleg har for lite fall til at det løner seg å bygge ut. Vidare blir det oftast bygd ein veg opp til inntaksstaden. Vegbygging i bratte lier tyder inngrep som ofte er mykje synleg, med skjæringar og fyllingar. Vassrøyrert blir no oftast nedgravd. For å få dette til bllir skogen fjerna i ei breidde på oppmot 20 meter, og det blir gravd og rota på mykje av denne breidda. Røyrtraseen kan gro att seinare, men vil syne godt i ein god del år. Dette blir ofte gjort gjennom ein kort jordkabel, så dette inngrepet treng ikkje bli stort. Sjølve kraftstasjonen kan bli gøymt bort, men nokre gongar let dette seg ikkje gjere, og støy frå kraftstasjonen kan vere eit problem. Så er det verknader som er mindre synlege. Vegetasjonen ved vassdraga vil i framtida få eit anna klima med mindre vassrøyk. Vi må rekne med at det blir forandringar. Dyr og fuglar kan og bli påverka av mindre vatn. Fossekallen, nasjonalfuglen vår, har matfatet og reirplassen sin i vassdrag med denne storleiken, og kan kome til å bli ein sjeldan fugl etter kvart. Straumen som blir produsert må leverast inn på eksisterande straumnett.

Kommunane har til no stort sett lagt vekt på to sider ved søknadene om minikraftverk. Ved å bygge minikraftverk kjem det inntekter til utkantstader, og med det skattekroner til kommunen. Vidare blir det påstått at vi har stømmangel som minikraftverka kan redusere. Det første er delvis rett. Nokre kan halde fram med gardsdrifta med minikraftverket som attåtnæringa. I andre høve kan bonden tjene så mykje at han kan legge ned gardsdrifta og styre minikraftverket frå pc-en medan han sjølv bur på New Zealand. Dei andre i bygda som held på å bygge opp litt attåtnæring med turisme får ein vanskelegare jobb med å selje sitt nye landskapsbilete, men desse ser ein ikkje mykje til i søknadene.

Når det gjeld kraftsituasjonen er det slik at minikraftverka er basert på vatnet som renn forbi, og det gjer det i hovudsak i april-juni og i september-november. Dei andre månadene tørker eller fryser elva delvis bort, og det blir lite eller ikkje kraft. I den tida treng vi andre ordningar, og det tyder oftast at det blir bygd store kraftliner. Så ved å gi etter for ropet etter meir kraft oppnår vi at det likevel blir bygd store kraftliner, og vi drikker opp småvassdraga våre slik at glansbiletet vi sel til turistane ikkje blir i samsvar med det selde produktet. Når den svindelen blir oppdaga, blir det vanskelegare å leve av reiseliv i bygdene våre.

Det er Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) som handsamer søknadene om minikraftverk. Søknadene blir sendt på høyring til dei som er direkte ramma av tiltaket. Kommunane får alltid søknaden til handsaming, likeeins fylket. Andre interesserte kan uttale seg til søknaden viss dei vil. NVE må reknast som forholdsvis utbyggingsvenlege. Kommunane har til no lagt mest vekt på ny næringsverksemd i kommunane. Kommunane er nokre gongar eigarar av energiselskap som søker om utbygging, og det finst ein del kommunestyrerpresentantar som anten har bygd ut minikraftverk, eller vurderer å søke sjølve. Dei er ikkje ugilde til å handsame søknadene, men det kan vel godt hende det tener dem best å seie ja til andre, då det venteleg aukar moglegheitene til å få ja til sin eigen søknad seinare.

Kven er det som tar ansvar for motforestillingane? Fylket kan vere mellom dei som ser si oppgåve å få fram eventuelle biverknader i lyset. Utover dette er det einskildpersonar (viss dei vågar) og nokre organisasjonar som Naturvernforbundet og Norsk Ornitologisk Forening. Det tyder at dei som er for tiltaka har løn for å arbeide med desse sakene, medan dei fleste som arbeidar med dei andre sidene av saka gjer det som dugnadsarbeid.

Sjølv om vasskraft er ein fornybar ressurs, er ikkje lokalitetane det. Når alle småvassdraga er bygd ut og det berre er bekken frå kloakrenseanlegget til sjøen som er att, vil ein sjå at vasskrafta ikkje er uskuldig. Altakraftverket er vasskraft, men du får kanpt nokon til å seie at den utbygginga var miljøvenleg eller riktig. Naturvernforbundet har for eit år sidan utfordra kommunane til å sortere vassdraga sine i meir og mindre verdfulle vassdrag. Tanken bak er at vassdrag med gode kvalitetar skal få renne, medan ein del andre vassdrag er aktuelle å bygge ut. Rauma kommune har tatt tak i dette, og held no på med ei slik sortering. Eit firma i fylket held no på med dette arbeidet. Ørsta kommune har vedtatt at dei slett ikkje vil ha ei samla vurdering, men vil vurdere søknadene etter kvart. Mange av dei andre kommunane gjer truleg som Ørsta, men har ikkje gjort det i form av noko vedtak.

Som ein liten konklusjon kan det seiast av når ein summerar produksjonen frå eit tal minikraftverk tilsvarande ei stor utbygging som ikkje er aktuelt lenger, og så ser på ulempesida, så er det ikkje tale om miniinngrep med minikraftverk.

Kontakt med Øystein Folden: 918 12 542.