Fakta om motorferdsel i utmark

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I Aura Avis blir Foreninga Natur og Motor sine påstandar framstilt i ein faktarubrikk. Kva som er rett og gale kan det jo vere fleire oppfatningar om, så det er vel like greitt å presentere ein del andre alternativ.

Dyr og fugl sin reaksjon på motorkøyretøy er lett å misforstå. Mange har registrert at ein i bil kan kome nær både fugl og dyr, medan dei rømmer viss ein går. Det er ikkje det same som at dyr og fugl ikkje blir skremde av snøscooter. Dei fleste dyra trekker unna der det er menneskeleg aktivitet. Det er ofte tale om kor ofte, kor mykje og kor fort. Ferdsel både til fots og med snøscooter fører til stress hos ein del dyr og fuglar. Villrein reagerer klart på snøscootertrafikk (Reimers m.fl. 2003), fjellreven like så (Overrein 2002). Rovfugl som kongeørn og jaktfalk reagerer med oftare mislukka hekking (Knoff & Nøkleby 2005). Påverknaden skuldast truleg ein kombinasjon av sjølve motorferdsla og at det er folk andre stader og til andre tider enn når ferdsla skjer til fots.

Plantelivet blir påverka av snøscooterkøyring. Delvis i form av rydding/brekk i vegetasjonen, men meir alvorleg som følgje av skader på vegetasjonsdekke når det er lite snø. Det som i liten grad syner, men som også skjer er at snøen blir liggande lenger i snøscooterspora enn elles. Dette forandrar vegetasjonen over tid, og i nokre tilfelle kan dette føre til tap av artar. Sjølv om skadane ofte ikkje er dramatiske, er det feil å seie at plantedekket ikkje blir påverka.

Det finst ein del statistikk som fortel om folk si oppfatning av motorferdsel i utmark. TNS Gallups undersøkingar i åra 2001-2005 fortel at 83 % av dei som svara er ganske eller heilt usamde i at det bør bli lettare å få løyve til motorferdsel i utmark. Dei same åra er det mellom 13-17 % som er samde eller ganske samde i at det skulle bli lettare. Undersøkingar i Fauske kommune viser at berre 18 % av kommunen er utan høyrbar lyd frå vegtrafikk og snøscooterbruk i fastsette løyper. For dei som ikkje går langt har det blitt vanskelegare å nå inn til støyfrie naturområde.

Når det blir sagt at det er plass til både skiløparar og snøscooterkøyrarar så er det t.d. slik at det i snitt er 5 km mellom scooterløypene i Vadsø kommune. For å kome utanfor høyrevidde frå scooterløypenettet må ein i alle fall 2 mil inn i terrenget. Ei mil i fred og ro og i alle fall 4 mil i lag med snøscooterar blir ikkje oppfatta som greitt tilbod til skiløparar som vil ha fred og ro.

Leigekøyring fører ikkje til dobbel trafikk samanlikna med at kvar for seg kan køyre. Transportbehovet for mat og ved går frå bygda til hytta. Behov for returfrakt er mykje mindre. I mange høve kan returfrakta gjerast som returlass med neste frakt. I hytteområde vil dessutan frakt til fleire kunne gjerast på same tur. Mange stader der leigekøyring har vore praktisert har dette ført til mindre motorferdsel.

Elles er det noko underleg når folk kjøper ein reiskap til 100 000 som dei køyrer t.d. 100-200 km i året for å transportere ved og mat til hytta. Det er ikkje det minste rart at Naturvernforbundet får tilbakemeldingar om ein del anna ”frakt” enn det leigekøyrarar får drive med.

I Finnmark og Nord-Troms har det i mange år vore fritidskøyring i tilrettelagde løyper. På slutten av nittitalet var det eit forsøk der ordninga blei utvida til Midt-Troms. Evalueringa var klar: Snøscootermiljøet meinte dette førte til mindre ulovleg køyring og var bra. Dei andre meinte ordninga førte til meir ulovleg køyring og var dårleg. Prøveordninga blei avslutta.

CO2-utsleppet frå fritidsbåtparken kan sjå ut til å vere 280 000 – 320 000 tonn i følgje Natur og Motor. Totalutsleppet av klimagassar i Noreg omrekna til CO2 er rekna å vere 53,7 millionar tonn i 2006. Her har Natur og Motor rekna feil eller samanlikna hest og høne.

Høyringsgrunnlaget med meir statistikk og bakgrunn i samband med den nye motorferdselslova ligg under høyringssaker på http://www.dirnat.no.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

For meir informasjon kan leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal kontaktast på telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Frå Aura Avis 20. oktober 2007