Får berre eit av femti vassdrag renne fritt?

– Treng vi eigentleg NVE? I småkraftsaker fungerer dei som eit «godkjent-stempel». Heldigvis har Rauma kommune har som ein av få kommuner i landet tatt ansvar sjølve, meinar leiaren i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Øystein Folden

Mange politikarar seier dei er positive til bygging av minikraftverk. Dei er med på å uttale seg til vassdragsutbyggingar og det blir ofte svara ja. Naturvernforbundet trur ikkje politikarar flest er klar over det samla resultatet. Viss vi lister opp dei 50 mindre vassdraga som er mest interessante i fylket, så ser det ut til at 49 av dei blir hermetikk (lagt i røyr), berre eit vassdrag blir funnen verdig å renne fritt.

Naturvernforbundet har nyleg fått ei liste frå NVE over småkraftverk (opptil 10MW innstallert effekt) som har fått konsesjon sidan 2000. I vårt fylke blei det gitt konsesjonar først i 2003 då det kom 2 i Sunndal. I 2004 kom 1 konsesjon i Ørsta og 1 i Surnadal. Til no i 2005 er det 1 konsesjon til Norddal, 2 til Stranda, 1 i Surnadal og no nyleg 1 i Rauma, i alt 9. Konsesjon er ikkje avslått i vårt fylke i denne perioden.

I tillegg kjem ein del kraftverk som av ulike grunnar ikkje krev konsesjon. NVE har listeført minst 42 søknader som er godkjende dei siste 10 åra, ein god del av desse kraftverka er i full drift. Det er i alle fall ytterlegare 12 utbyggingar til som er omsøkt. Ørsta og Volda aleine har kring 20 utbyggingssøknader i ulike kategoriar dei siste åra.

Når eit vassdrag har ei viss allmenn interesse, kjem dette med konsesjonsplikt inn. Avslagsgrunn er i hovudsak at det er påvist at ulempen med ei utbygging er større enn fordelen.

Naturvernforbundet ser på minikraftverk som ein interessant energiprodusent i ein del høve. Men det er mange gonger inngrepa blir så store og verdiane som går tapt blir så vesentlege at vi ikkje ønskjer dei.

Mange politikarar og andre seier beint ut at minikraftverk er miljøvenlege og at ein bør seie ja til dei. Naturvernforbundet trur og håper at folk flest tenkjer seg om og vurderer litt nærare kva vassdrag vi vil ha att som ville og frie.

Rauma kommune har nyleg fått ein god reiskap så dei kan vurdere vassdragsverdiane i kommunen. Dei har no ei liste på 44 vassdrag/nedbørsfelt der samla miljøverdi er vurdert. Dette sorteringsarbeidet har Naturvernforbundet oppfordra kommunane til å gjere, og Rauma har gjort det. Det er vårt håp at dei mest verdifulle vassdraga i Rauma blir spart for utbygging.

Fylkesmann Befring har nyleg tatt til orde for å få eit meir samla oversyn over småkraftverksøknadene. Vi håper Befring klarer å finne det mest verdifulle vassdraget i fylket ganske snart, så det eine vassdraget Noreg tar seg råd til å spare i vårt fylke ikkje blir ein kloakkflod som tilfeldigvis blir igjen til slutt. Viss kommunane tykkjer det er lite med berre eitt fritt og vilt vassdrag på deling, så ta ein prat med Rauma. Til slutt vil vi gjere merksame på at det er Naturvernforbundet som oftast er talsmann for natur- og friluftsverdiar når småkraftverksakene blir handsama. Hjelp oss gjerne med det ved å bli medlem. Det kan du få ordna på www.naturvern.no eller ved å kontakte vårt kontor i Molde.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42

Fakta: NVE sin praksis 2000 – 2005 i konsesjonssaker for mikro- og småkraftverk