Feil spørsmål gir ofte feil svar

Lesarinnlegg i Romsdals Budstikke.

I ein leiar 19. august stiller Romsdals Budstikke fleire spørsmål om strømprisen. Spørsmåla er: «Hvorfor kan man ikke bygge ut mer kraft? Og hvorfor produserer man ikke mer? Er det fordi man tjener fett på et stramt marked?»

I Naturvernforbundet synest vi det er trist at Romsdals Budstikke ikkje stillar det mest fundamentale spørsmålet: Treng vi meir kraft?

Naturvernforbundet har gitt både kraftbransjen og styresmaktene mange gode forslag om korleis hushaldningane (og andre) kan få kutta straumrekningane sine, samstundes som vi reduserer trongen til å rasere meir natur.

Tenk om kraftbransjen kunne nytta nokre av pengane sine til, gjerne i samarbeid med styresmaktene, å gjere hushaldningane i Noreg mindre avhengig av elektrisitet. Landet gror igjen av skog og klimaet på kysten er ypparleg for varmepumpar. Likevel fyrer vi husa våre med straum.

Spørsmåla Romsdals Budstikke stiller om auka produksjon er ganske på jordet.

Det er slik at kraftbransjen har fått lov til å byggje ut nesten all vassdragsnaturen her i landet. Den naturen vi har att har vi eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. Eit teknisk problem med vasskraft er at lite nedbør gir lite kraft. Dermed ville rasering av fleire vassdrag no i sommar berre gitt oss eit land fattigare på natur, ikkje billigare energi.

Det er også slik at kraftbransjen har fått løyve til å byggje ut fire gasskraftverk og ein god del vindkraft. På grunn av dei låge straumprisane her til lands er det berre vasskraft det løner seg å byggje ut. Difor vil ikkje energiselskap byggje gasskraft eller vindkraft utan massiv subsidiering.

Vil vi subsidiere fleire naturinngrep og auka forureining når vi kan spare natur og pengar på å spare straum?

Øystein Folden

Leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar