Feira siger for Langedalselva

Årsmøtet i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal feira siger i Sunnylven.

Fylkesleiar i Naturvernforbundet, Øystein Folden, hausta applaus når han starta årsmøtet i Molde med å fortelle at Regjeringa har gitt Naturvernforbundet medhald i klagesaken i Langedalselva i Sunnylven. Ein lang kamp har dermed blitt krona med siger for naturinteressene.

Folden blei attvald som leiar på møtet, som også applauderte den sterke medlemsveksten i Naturvernforbundet det siste året.

Årsmøtet diskuterte elles vindkraft, 1. april 2019 varslar NVE at dei vil leggje fram sine forslag til overordna planlegging for vindkraft.