Felles krav frå Bondelaget og Naturvernforbundet: Støtt varme!
Som ein reaksjon på at Møre og Romsdal fylke vurderer å etablere ei tilskotsordning for å få auka bruk av gass, ber Naturvernforbundet og Bondelaget i fylket i eit samla brev til fylket om at ei slik tilskotsordning i staden fremjar varme. Dette vil gi betre konkurranseforhold for meir miljøvennleg bioenergi.
I samband med behandlinga av budsjettet for 2006 vedtok fylkestinget eit oversendingsforslag (dette ligg ved). Her heiter det m.a.: «For å få til ei ønska utvikling med omsyn til utbygging av infrastruktur for bruk av gass i fylket, ber fylkestinget om at det i økonomiplanperioden blir stilt til disposisjon minimum 5 mill kroner pr år i rentefrie lån».
Bondelaget og Naturvernforbundet er uroa for om ei slik tilskotsordning til utbygging av infrastruktur for fossil energi kan virke konkurransevridande i forhold til utbygging av infrastruktur for bioenergi i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet og Bondelaget viser til at bioenergi er bra for miljøet, bra for landskapet og at det gir fleire arbeidsplassar enn fossil energi.
Bondelaget og Naturvernforbundet meiner ei tilskotsordning berre for gass kan ha som konsekvens at Møre og Romsdal fylke subsidierer forureinande verksemd på bekostning av bærekraftig verksemd. Organisasjonane ber difor fylkestinget om å utforme ei eventuell tilskotsordning slik at ho først og fremst fremjar varme, og dermed også bioenergi.
Brevet er underteikna av Arne Magnus Aasen, leiar i Bondelaget i fylket, og Øystein Folden, leiar av Naturvernforbundet.
Arne Magnus Aasen har telefon 48 04 35 84. Møre og Romsdal bondelag har telefon 71 20 28 90.
Øystein Folden har telefon 91 81 25 42.
Bondelaget i fylket har heimesider på www.bondelaget.no/moreogromsdal.