Fem feil i energidebatten

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Sør-Trøndelag.

Det er ikkje uvanleg at vi har ein debatt med feilaktige påstandar, men energidebatten er likevel ganske spesiell. Frå offentlege organ, forskarar, politikarar, næringsliv og organisasjonar kjem det påstandar om energi som til dels er feilaktige, mangelfulle eller teke ut av sin samanhang. Resultatet kan bli feilslåtte og skadelege vedtak. Skjult bakom påstandane kan vi finne næringspolitikk, kommunale håp om betre økonomi, forskarar på jakt etter finansiering og politikarar som skal vise handlekraft. Naturvern får tronge kår i eit slikt landskap, og det er urovekkande kor vanskeleg det er å løfte blikket og sjå nye og framtidsretta alternativ til det aukande energiforbruket.

Det er ei intens kampanje for å byggja ut meir kraft og fleire kraftliner, spesielt i Midt Noreg, og dette blir sagt å vera den einaste vegen for å unngå kraftkrise og høge prisar på energi. Lat oss sjå på fem av påstandane i denne debatten, som dannar grunnlag for ytterlegare nedbygging av norsk natur.

Feil 1. ”Noreg har underskot av elektrisitet og må importere atomkraft og kolkraft”.

Det blir skapt inntrykk av at det er energimangel, men statistikk frå NVE viser at i perioden juni 2004 til mai 2010 eksporterte vi 4% av den norske kraftproduksjonen. Når vi ser eit par år i samanheng, har Noreg alltid eksportert elektrisitet.

Vasskraft er enkelt å regulere, og kraftselskapa eksporterer når det er behov (høgare prisar) i utlandet og importerer ved andre tidspunkt og behov i Noreg. På same vis som vi importerer atomkraft og kolkraft i visse tidsperiodar, eksporterer vi vasskraft til erstatning for atomkraft og kolkraft i andre tidsperiodar. Reknestykket går i vår favør, slik at vi totalt sett bidrar til å redusere forureinande kraftproduksjon i utlandet.

Feil 2. ”Vi må ha fleire kraftliner for få tryggare kraftsituasjon og unngå utkopling”.

For å sikre energiforsyninga har vi fleire val. Vi kan auke produksjonen og byggje fleire kraftliner, eller vi kan redusere forbruket. Det internasjonale energibyrået IEA seier at alle land, også Noreg må effektivisere produksjon og bruk av energi tilsvarande halvering. Rapportar frå Lavenergiutvalget, ENOVA m.fl. viser at Noreg også kan oppfylle kravet frå IEA. På få år kan vi fjerne problema med energiforsyninga, utan nye kraftliner, og utan ny kraftproduksjon, dersom vi satsar på energieffektivisering.

Dette krev statleg styring og bidrag, men mykje av effektiviseringa kan vi finansiere utan å leggja nye pengar på bordet dersom vi endrar Statnetts arbeidsform. Eit eksempel:

Dei mobile gasskraftverka på Tjeldbergodden og den planlagde kraftlina Ørskog – Fardal kostar 2,3 og 2 mrd. Brukt som tilskot til energieffektivisering i Midt Noreg kan dette aleine skaffe opp mot 6 TWh eller 25% av dagens forbruk. Utrekninga er basert på eit større tilskot pr kWh enn det Enova gir i dag, tilskot som gjer det lønsamt å investere i energieffektivisering.

Denne effektiviseringa vil styrke næringslivet, både gjennom arbeidsoppdrag og ved at bedriftene får fortrinn gjennom energieffektiv produksjon, ny teknologi og ny kunnskap.

Det er på tide at Statnett kan gje stønad til energieffektivisering som alternativ til investering i nye kraftliner for å oppnå stabil energiforsyning, og dermed også unngå dei store naturinngrepa som kraftlinene representerer.

Feil 3: ”Vi må ha ny kraft for å sikre oss nok energi”.

Som vist tidlegare, er potensialet for energieffektivisering enormt, så stort at vi får kraft nok til å elektrifisere sokkelen, elektrisk bilpark og andre tiltak for å erstatte fossilt drivstoff, og likevel ha eit solid kraftoverskot til ny industri eller eksport. Økonomisk er det også betre med energieffektivisering enn vindkraft, når energieffektivisering gir 2 – 4 gongar så mykje energi pr krone.

Ny kraftproduksjon kjem i tillegg til spart energi, og med eit eksisterande overskot av kraft, blir det slik at all ny kraft går til eksport. Då må vi spørja, er det rett å byggje ned kystnaturen og vassdragsnaturen for eksport av energi? Dersom vi ønskjer å eksportere fornybar energi til Europa, gir havbasert vindkraft meir kraft, og mindre naturinngrep enn vindkraft på land.

Feil 4: ”Vindkraft er rein, miljøvennleg energi”.

Til skilnad frå andre land, blir vindkraft på land i Noreg nesten utelukkande lagt i inngrepsfri natur, og i sterk konflikt med målsettinga om å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Vindkraftanlegg er arealmessig store naturinngrep med stor menneskeleg aktivitet og har vegar på kryss og tvers som drenerer og stykkar opp landskapet. For mange artar er dette eit tapt eller sterkt forringa leveområde, ikkje berre for havørn som blir slått i hel, men for dyr og plantar totalt sett. Uvettig utbygging av vindkraft på land kan bli det største og mest skadelege naturinngrepet i Midt Noreg i vår tid.

Feil 5: ”Grøne sertifikat er eit godt klimatiltak”.

Ein tvilsam påstand, slik sertifikata er planlagde. Grøne sertifikat er premiering for utbygging av fornybar energi og blir betalt av forbrukarane gjennom auka straumpris. Systemet som er foreslått kan føre til at mykje av støtta går til allereie lønsam vasskraft, og vil gje eit press for vidare rasering av norsk vassdragsnatur. For å sikre utbygging av havvindkraft, bølgjekraft og solenergi må sertifikata bli graderte og gje mest/alt til desse energiformene. Graderte sertifikat er ein del av systemet i Storbritannia.

Det største problemet er likevel at det ikkje er lagt opp til premiering av energieffektivisering, slik dei har det i Danmark, England og Tyskland gjennom ”kvite sertifikat”. Denne ordninga gjer det interessant for eit kraftselskap å banke døra til ei bedrift og tilby seg å bidra til investering i energisparing mot å få sertifikata. Dette er lønsamt både for kraftselskapet og bedrifta og får fart på energisparinga. Både Energi Norge og andre tunge aktørar ønskjer at vi får ei slik ordning i Noreg.

Mads Løkeland

Naturvernforbundet i Sør Trøndelag