Ferger er ikkje månerakettar

Samferdselsministeren varslar bruk av vanlege forureinande ferger på Ørsneset – Magerholm og Festøya – Solavågen. Med svaret frå samferdselsministeren på eit skriftleg spørsmål i Stortinget er det klart at desse fergesambanda no blir «dumpingplass» for fergemateriell som er tatt ut av drift i andre samband. Dette er ferger som elles kanskje kunne blitt oppgradert slik at dei forureina mindre.

Naturvernforbundet er skuffa over desse signala. Vi hadde von om at klimapolitikken til samferdselsministeren ikkje berre var prat, slik også pressemeldinga vår like før jul viste. Vi veit at det er vanskeleg å gjennomføre gode klimatiltak innanfor samferdselssektoren, tiltak som kan redusere forureininga frå fergesamband er mellom dei aller enklaste tiltaka. Det er klart at ferger ikkje akkurat er månerakettar. Dei burde likevel spele ei rolle i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa, vi kan ikkje berre satse på rensing og handtering av store klimagassutslepp («månelanding»), vi må også ta oss av dei mange mindre utsleppa. Det er merkeleg at ikkje samferdselsministeren nyttar høvet til å få til oppgraderingar i fergeflåten i samband med anbudskonkurransane.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Naturvernforbundet spør fergereiarlaga om utslepp frå ferge- og hurtigbåtdrift