Fiskeoppdrett – kven har styringa

Enkelte politikarar har no oppdaga at oppdrettsnæringa blir styrt av planar politikarar har vedtatt, men kanskje ikkje forstått konsekvensen av. Kva no?

Sjøområdeplanar/kystsoneplanar er stadig ute på høyring. Tanken bak er god. Kommunegrensene går ofte midt i fjorden, og då er det ikkje så bra at kvar enkelt kommune skal pusle med kvar sin plan.

Eit stort problem knytt til dette er at dokumenta som blir sendt på høyring er store og mange. Den siste gjeld 5 kommunar på Sunnmøre som kan stille med 1,2 kg med plan.

Naturvernforbundet prøvde seg på planen for Nordmøre i 2017. Fleire dagar blei bruka berre på å lese nokre av dokumenta. Til slutt blei det sendt ei fråsegn om ein del prinsipp i plana illustrert med lokalitetar kjent frå før.

Det var berre offentlege etatar som såg gjennom desse planane. Einaste utanom dei var oppdrettsnæringa. Dei har ressursar og veit å passe på sine interesser.

Til slutt vedtok politikarane planen for sin kommune. Kva vedtok dei? Det kan hende ein del ikkje las heile saksdokumentet. Eller at dei las, men ikkje heilt forstod. Nokre har angra seg, andre har blitt klokare med åra. Det er flott at politikarar kan det.

Eit like stort problem var at konsekvensutgreiinga var svært mangelfull etter Naturvernforbundet si vurdering. Det handverket som skulle ta vare på naturmangfaldet var dessverre til dels dårleg.

Naturvernforbundet har ikkje ressursar til å gå gjennom desse planane. Ikkje oppnår ein noko viss ein gjer det heller, ser det ut til. Det tyder at oppdrettsnæringa i stor grad kan vise til vedtatte planar som ingen har orka å sjå på, langt mindre uttalt seg til. Når den konkrete søknaden kjem, er det oftast for seint.

Det er ikkje bra for samfunnet vårt og naturen vår at det er slik. Kan det bli annleis når nye politikarar tar fatt til hausten?

Fråsegna frå 2017 ser ut til framleis å vere aktuell.