Fjernvarmeanlegg i Ulsteinvik

Uttale frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 26. juni 2006.

FJERNVARMEANLEGG I ULSTEINVIK

Naturvernforbundet har registrert at Ulstein kommune har ute til høyring vedtekt om tilknyttingsplikt til fjernvarmeanlegg i Ulsteinvik.

Vi har også registerert eit utspel frå næringslivet i Vikebladet nyleg vedkomande denne saka.

Vår fråsegn i saka går først og fremst på generelle trekk rundt fjernevarmeanlegg.

1. Straum er ein for verdifull ressurs til at oppvarming av bygningar skal skje ved hjelp av straum.

2. Olje og gass bidrar båe til utslepp av klimagasser når dei blir brukt til oppvarming.

Det er i grunnen eit samfunnsansvar at vi ordnar oss slik at andre og betre energikjelder enn dette kan nyttast til oppvarming.

I tettstader som Ulsteinvik meiner Naturvernforbundet at det er ønskjeleg med løysingar som fjernvarme, der oppvarmingskjelda t.d. kan vere i form av biobrenselanlegg og varmepumpe med sjøvatn som kjelde

Når vi registerer uvilja frå næringslivet mot dette tiltaket, skjønar vi nok korleis dei tenkjer om dette, men dette bygger etter vår meining på føresetnader som ikkje er til stades:

– Den tida er forbi då næringslivet kan knipse i fingrane så kjem straumen etter behov. Samfunnet har behov for å bruke straumen til andre føremål enn oppvarming, og det må alle innrette seg etter, også næringslivet.

– Auka bruk av straum fører til auka investeringsbehov i straumnettet. Det er feil å velte slike kostnader over på heile samfunnet, når det finst fullgode alternativ.

– Alternativ oppvarming som t.d. gass krev infrastruktur som fullt og heilt må betalast av den som skal ha nytte av tiltaket. Vidare må det vere rett at brenning av gass blir avgiftslagt, jf. målsettinga som følgje av Kyotoavtala. Naturvernforbundet har lita tru på at gassalternativet blir meir freistande enn eit fjernvarmeanlegg. For olje gjeld mykje av det same.

Naturvernforbundet trur næringslivet er avhengig av eit omdømme der samfunnsansvar og miljø er viktige faktorar. Sjølv om næringslivet er avhengige av å tene pengar, må det vere viktig at det skjer på ein slik måte at samfunnet og miljøet har det godt med dei løysingane som blir valde. Kommunen bør og vere tent med eit omdømme i form av energival på miljømessig grunnlag.

Som kjent har vi eit system med straum der det finst ein netteigar som vi må leve med, men at vi kan velje leverandør av straumen. Vi ser ingenting i vegen for at noko tilsvarande kan vere aktuelt på varmesida. Det bør vere fullt mogleg at fleire varmeprodusentar leverer gjennom eit felles distribusjonsnett. Då vil det ikkje vere alternative energiløysingar aleine som avgjer prisnivået på levert varmvatn.

Varmeplanar i Ørsta