Fjøredag i Morkavika
Søndag 25. august inviterte lokallaget til Naturvernforbundet til fjøredag i Morkavika. Om lag 35 interesserte møtte fram ved piren nedanfor Morksenteret.
Annelise Chapman var hyra inn som kunnskapsrik og engasjerande gaid for store og små som var nysgjerrige på å lære meir om det varierte livet ein kan finne i fjøra. Ho er marinbiolog som tidlegare har arbeidd for m.a. Møreforsking og Runde miljøsenter.
Lokallagsleiar Torgeir Parr Dimmen er svært nøgd med arrangementet. – Dette var eit lågterskeltilbod i nærmiljøet med gledeleg stort frammøte, trass tidleg start (tilpassa full fjøre klokka 10) og ganske heftig regnver.
Lokallaget til Naturvernforbundet i Ørsta og Volda har no om lag 200 medlemmer, og leiaren tolkar den gode deltakinga på dette enkle arrangementet som ei stadfesting på at det er mange i lokalmiljøet som ser verdien i det Naturvernforbundet kjempar for – auka kunnskap om og vern av natur og miljø.