Fleire halvsanningar om kraft

Else Britt Sund fortener eit svar. For framleis heng ikkje dette i hop. Kva viser kraftstatistikken for 1994-2003?

Slik Naturvernforbundet rekner kan vi sjå at vi eksporterte 9530 GWh meir enn vi importerte i denne tiårsperioden. Tar vi berre dei 3 siste åra, ser vi at det var ein meirimport på knapt 2000 GWh, tar ein dei siste 5 åra blir det eksportoverskot på over 19000 GWh. Dei årlege svingningane er store, men sett over litt tid, jamnar det seg ganske bra. Sund reknar kanskje at underskot i 6 av 10 år er mest underskot?

Det viser og at vi deltek i eit system der Noreg si vasskraft er med på å dempe nokre av ulempene med varmekraft i Europa. Det har seg slik at varmekraftverk er avhengige av å gå jamnt for å ha størst mogleg utnyttingsgrad av tilført energikjelde. Kraftforbruket er størst om dagen og lågast om natta. Når vi eksporterer straum om dagen og importerer om natta, går varmekraftverka jamnast. Vasskraftverk som har magasin og slepp det brukte vatnet rett i havet kan skru av og på forholdsvis brått utan effekttap og andre komplikasjonar. På denne måten er kraftleidningane mellom landa med på å få fleire kilowatt ut av kvar oljedråpe som brukast i Danmark. Viss dei store svingningane frå år til år er eit problem, får Høgre sjølv ta ein del av ansvaret for det. Eksporten i 2000 var delvis motivert av stor inntening, og skapte auka fare for rasjonering. Systemet er noko moderert etter den tid, men det halselause frisleppet i 2000 har skapt noko uro for kraftforsyninga like til sist årskifte.

Varmekraftverk produserer mykje varmvatn. I Europa brukar dei mykje av dette varmvatnet til å varme opp bustader og andre bygningar. Når vi planlegg slike varmekraftverk, vil vi ha dei på ytterste nakne ø, og slepp varmvatnet i havet. Det er forklaringa på at det blir vesentleg høgare effekt av å nytte gass i Danmark enn i Noreg. Ser ein på denne sida av saka og på tap i leidningar, bør vi eksportere gassen om vi i det heile skal ta han opp.

Sunndal er mellom dei som alt har mykje varmvatn til overs. Slikt varmvatn kan mellom anna nyttast til å tørke biobrensel. Biobrensel kan nyttast til å varme bustader og andre bygningar i staden for straum, og straumen kan nyttast til det han er best til i staden for å bli til varme. Ved å varme fleire bustader med biobrensel i staden for straum, frigjerast det edel straum til mellom anna aluminiumsverket.

Kostnadene med bioenergi? Berre for å slå det fast med ein gong – skal vi auke energibruken vår, kostar nye kilowatt meir enn dei første, gass eller bioenergi speler inga rolle. Ny energi er ein ønskjedraum. Sund har truleg eit problem med å bli kvitt all den skogen som gror over alt. Mange av arbeidsplassane i biobrenselrekneskapen er knytt til å hogge denne skogen. Om kostnadene med dette skal leggjast på landskapspleie eller biobrensel kan diskuterast, men det er i alle fall der dei ligg desse arbeidsplassane. Naturvernforbundet går ut frå at Sund anten ho vil eller ikkje må ta av overskotet (skatt) frå Hydro og kraftselskapa for å betale nokon for å fjerne den same skogen, eller la det vekse. Sund si gasskraft blir nok ikkje så dyr, men så var det desse kostnadene med klima som Sund ikkje vil ta med i reknestykket. Dei kostnadene overlet Sund til fattige folk andre stader i verda og til dei seinare generasjonane her heime. For eit rekneskap! Dessutan pumper Sund opp gassen i eit tempo som gjer at det er tomt om 100 år. Det er det dei ”unike mulighetene” til Sund går ut på.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal