Fleire helikopterlandingar i verneområde – Naturvernforbundet klagar til miljøvernministeren

Verneområdestyret for Trollheimen har igjen gitt løyve til helikopterlanding og filming på fjelltoppar i Trollheimen landskapsvernområde, Sunndal kommune. Naturvernforbundet har klaga til Miljøverndepartementet.

Naturvernforbundet har i samband med klagen innhenta ei samla oversikt over løyver gitt til motorferdsel i verneområdet.

Det har provosert Naturvernforbundet at same tiltakshavar, Destinasjon Kristiansund og Nordmøre, også fekk løyve i 2011. Tiltakshavaren ser då ut til å ha gjennomført flygingar utan å etterleve fullt ut det løyvet dei då fekk, m.a. er det køyrt fleire turar enn løyvet gav høve til. Vidare har dei truleg alt i mai 2011 oppdaga at dei ikkje fekk gjennomført dei planlagde flygingane det året, og venter altså til midt i februar året etterpå med å søke om forlenga løyve, og då med forventa løyve straks.

Naturvernforbundet ønskjer å vere ein forsvarar av verneområda som ein plass for å utøve enkelt friluftsliv. Dette er i samsvar med lovar og forvaltningsplanar for verneområda. Då er det uheldig når verneområdestyret ser det som si oppgåve å svekke verneverdiar på flest mogleg område.