Fleire spørsmål om Rogneskarvegen

Epost frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Skodje kommune 23. oktober 2006.

I samband med at vi får førespurnader om Rogneskarvegen ønskjer vi å få opplysningar om følgjande:

1. Har det vore byggemeldt eit bygg nr. 2 i samband med fritidshytta på gnr 25 bnr 1 oppunder Nihusen. I så fall ønskjer vi å få kopi (gjerne digitalt) av saksdokumenta tilsendt.

Vi har alt fått dokumenta knytt til riving av opprinneleg koie og bygging av ny hytte, så den treng vi ikkje.

2. Har det vore søkt om dispensasjon for køyring med motorkøyrety i utmark i samband med bygginga av hytte på gnr 25 bnr 1? I så fall ønskjer vi å få kopi (gjerne digitalt) av saksdokumenta tilsendt.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

6630 Tingvoll

tlf 918 12 542 / 71 53 33 31

epost: moreromsdal(a)naturvern.no

www.naturvern.no/moreromsdal

Kart over vegen

Vedtaket i saka

Søknaden

Sjekkliste

Bygdebladet 4. oktober 2006