Flott tursti – men kva med naturmangfaldet?

Det er laga mange turstiar dei seinare åra. Ein del av dei er bygd utan tanke på naturmangfaldet. Kva gjer vi med det?

I 2019-2020 gjorde Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ei undersøking om korleis det sto til med vurderingar etter naturmangfaldlova når kommunane handsama tippestiar – stiar som blei laga ved hjelp av tippemiddel. Det viste seg at dei fleste anten ikkje blei handsama etter naturmangfaldlova, eller det blei gjort ein del vesentlege feil i handsaminga. Gjemnes kommune hadde 3 saker dei kunne vere nøgde med, Volda kommune hadde 1 sak. 15 andre kommunar hadde 15 saker som var for dårleg handsama. Ein fann også ut at Kulturdepartementet som er ansvarleg for tippemidla ikkje var klar over stoda, og heller ikkje var særleg innstilt på å gjere så mykje med det.

Situasjonen er truleg omtrent den same 3 år etter.

Forum for Natur og Friluftsliv (FNF) i Møre og Romsdal tok opp saka hausten 2022, og Miljøfaglig Utredning AS la nyleg fram ein ny og meir omfattande rapport om inngrep knytt til turstiar.

Det bør vere eit mål at nye stiar er gode både for folkehelsa og naturmangfaldet. Den nye rapporten går gjennom heilt vesentlege tema som kommunane bør passe på.

Les rapporten – gjer ditt for at turstiane også fungerer godt med naturmangfaldet i orden.

Rapporten og eit webinar knytt til rapporten finn du på FNF sine nettsider:

https://fnf-nett.no/more-og-romsdal/naturhensyn-ved-opparbeiding-av-stier-rapport-og-webkurs/

Naturvernforbundet sin rapport frå 2020 finn du her: