Flyge like mykje som før?

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

I ein artikkel på vg.no om arbeidsledigheit i samband med koronasituasjonen kjem det fram: «Ifølge en IATA-rapport kan vi måtte vente helt til 2024 før lufttrafikken er tilbake til nivået før coronaen.»

Å vere arbeidsledig er ikkje greitt, men er det rett at vi skal jobbe for at vi om 4 år skal flyge like mykje som vi gjorde? Det er jo ikkje berre permiteringar som er eit problem. Kloden vår har feber. Det er ein stor risiko for at mesteparten av livet på kloden kan få det verkeleg trasig, ikkje minst oss menneske. Då blir det heilt feil å vere opptatt av at flytrafikken blir like høg som før fortast mogleg.

Det er tid for å gjere ting på måtar som er gode for kloden vår. Heng i, vi har ikkje tid å misse!

 

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal