FNF ber NVE om å legge vekk søknaden om utbygging av Usma

FNF Møre og Romsdal, der Naturvernforbundet er med, er kjent med at Hydroplan AS har under arbeid ein søknad om å bygge kraftverk i vassdraget ovafor Jønnstad i Sunndal kommune. FNF har gjort omfattande undersøkingar i området sommaren 2010, konklusjonen er at det bør vere heilt uaktuelt med ei utbygging av dei øvre delane av Usma.

FNF i samarbeid med Naturvernforbundet har no i sommar gjort ei undersøking av ein del av dei berørte områda og laga ein rapport som følgjer vedlagt. Som det går fram av dokumentet er det gjort såpass mange funn av raudlisteartar og i tillegg ein freda art i det moglege inntaksområdet i Usma at det forslaget som finst om makebyte av ein del av landskapsvernområdet må leggast bort.

FNF er også kjent med at det er store kulturverdiar knytt til Jønstad. I tillegg er det gjort såpass mange vasskraftutbyggingar at utbygging av øvre del av Usma ovafor Jønnstad og Kløftelva bør droppast. Dette både med omsyn til vassdragsnatur og friluftsliv. Etter vårt syn er det feil å bruke sakshandsamingskapasitet på eit slikt prosjekt som aldri bør og vil føre fram. Vi vil difor be NVE be søkjar om å legge vekk søknaden.

FNF Møre og Romsdal er et samarbeidsforum for natur- og friluftslivsinteresserte organisasjoner i Møre og Romsdal. FNF skal engasjere seg i saker som påvirker natur og friluftslivet i fylket. I dag er Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og Romsdal, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, Friluftsråda i fylket, Den Norske Turistforening Møre og Romsdal og Møre og Romsdal 4H tilsluttet forumet. Totalt representerer disse organisasjonene mange medlemmer med en stor interesse for å ta vare på naturen for dagens – og kommende generasjoner.