Følg spelereglane til naturen!

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Norges Naturvernforbund har arbeidd for å ta vare på naturmangfaldet i nesten hundre år. Til tross for at vi brenn for å ta vare på naturen, har vi av og til vanskeleg for å forklare andre kvifor vi må følgje spelereglane til naturen. Naturvernforbundet har to grunnleggande prinsipp som må gjelde for all menneskelig aktivitet.

For det første må vi må slutte å utrydde natur. Naturmangfaldet er livsviktig og uerstatteleg. I dag forsvinn dyr, plantar og insekt 1000 gangar raskare enn det som er naturleg. Naturen er eit komplekst samspel mellom utruleg mange dyr, plantar og insekt. Ulikt vær og jordsmonn gir ulike naturtypar – og vi treng dei alle saman. Det er umuleg å rekne ut nøyaktig kva dei ulike naturtypane tåler av menneskeleg press; vi veit berre at vi må vere forsiktige. For å unngå at truga plantar, dyr og insekt forsvinn må vi ta vare på områda dei lever i. Akkurat som menneske er alt anna liv sårbare når dei står aleine. Vi må ha mange av ein art og fleire av områda dei kan leve i. Dette er nødvendig for å kunne ta vare på dei for framtida.

For det andre må vi forstå at det er naturen som lager spelereglane. Det er grenser for kva skadar vi kan påføre naturen utan å skade oss sjølve. Difor må vi begynne å følgje dei spelereglane som gjeld. Ein fattig natur er ikkje bare kjedelig – han sluttar også å gi menneska vern. Øydelagt natur vil få problem med å reparere skader som følgje av ny forureining, ekstremt vær og andre påkjenningar.

Naturen tar ikkje skade av at folk bruker han; han blir øydelagt av at vi overdriv. Når det blir bygd vegar og bustader i naturområde, elver blir lagt i røyr og jord- og skogbruket blir industrialisert, blir rikdomen i naturen utarma. Skiljet mellom sunn bruk av naturen og skadeleg bruk av naturen blir ikkje avgjort av kva kvar enkelt person, bedrift eller kommune gjør; det er summen av bruken som til slutt kan bli så stor at naturen tar skade. Det er dette som gjør at Naturvernforbundet i mange saker protesterer mot små enkeltinngrep i strandsona, små kraftutbyggingar, kraftliner eller hyttefelt. Sjølv om inngrepet i seg sjølv ikkje er stort, blir summen utrydding av natur.

Dei fleste har verdifulle opplevingar i naturen. Badestrender, turområde og grøne lunger gir oss høve til å finne ro og å ha det kjekt saman med andre. Stadig vekk finn dessutan forskarar livsviktige medisin i plantar. Vi kan ikkje vite kva deler av naturen som vil kunne gi dei mest verdifulle ingrediensane til framtidig forsking og utvikling. Difor kan ikkje tapet av dyr og planter målast i pengar; men vi veit at vi kan miste verdiar for alltid.

All økonomisk verdiskaping er avhengig av ressursar vi tar ut av naturen. Når vi brukar meir av desse ressursane enn det naturen tåler, øydelegg vi for andre som kunne ha nytta dei same ressursane til å skape utvikling og velferd. All maten vi spis har utgangspunkt i naturen. Den har blitt henta ut og dyrk fram til kopiar av det vi finn i naturen. Men originalen finn vi framleis ute i naturen, og originalen kan være meir motstandsdyktig mot nye sjukdommar, difor treng vi han.

Når alt kjem til alt, er det mangfaldet av dyr og planter som gir oss høve til å spise oss mette, leike og tene pengar. Dersom vi bryt grensene naturen setter kan det bli slutt på moroa.

Øystein Solevåg

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Rødlista 2006 – truga artar i Noreg

Biologisk mangfold i Molde kommune

Biologisk mangfold i Nesset kommune

Global Biodiversity Outlook 2 – FNs rapport om biologisk mangfold

Biologisk mangfold i Stordal kommune

Biologisk mangfold i Sula kommune

Biologisk mangfold i Sykkylven kommune

Kartlegging av naturtypar i Fræna kommune – forsida

Kartlegging av naturtypar i Fræna kommune – rapport

Rødlistearter i Møre og Romsdal 2001

Rødlistearter i Møre og Romsdal 1998

Biologisk mangfold i Frei kommune

Biologisk mangfold i Surnadal kommune

Biologisk mangfold i Sunndal kommune

Biologisk mangfold i Skodje kommune

Biologisk mangfold i Ørskog kommune

Biologisk mangfold i Kristiansund kommune

Biologisk mangfold i Tingvoll kommune

Områdeliste for Tingvoll

Kartlegging av naturtypar i Ørsta kommune

Naturtypekartlegging i Ørsta

Bondalseidet i Ørsta – biologisk mangfold

Strandsonebilag til Kommunal Rapport

Foredrag om hyttebygging

Jordbrukets kulturlandskap i Midt-Norge

Truede vegetasjonstyper i Norge

Natura 2000 i Norge