Følger Skogeierforeninga Nord Levande skog-standarden?

Dette spør Naturvernforbundet i Møre og Romsdal om i eit brev til Skogeierforeninga Nord. Naturvernforbundet har fleire kritiske spørsmål til hogst i Surnadal.

Naturvernforbundet er både uroa over tiurleikar som er fjerna, søppel som ikkje blir fjerna etter hogst og om kva rutiner Skogeierforeninga Nord har for å førebyggje nye naturøydeleggjingar. Naturvernforbundet har lagt ved bilete som viser brota på Levande skogstandarden.

– Naturvernforbundet er ikkje nøgd med Levande skog-standarden, vi vil ha strengare krav til skogbruket, seier leiar i Møre og Romsdal, Øystein Folden, som er uroa over at ein så stor skogeigar ikkje klarar å etterleve så moderate krav som denne standarden stiller.

For meir informasjon, kontakt Øystein Folden på telefon 91 81 25 42.

Les brevet frå Naturvernforbundet til Skogeierforeninga Nord

Køyrespor

Oljefat etter hogst

Tiurleik