For lite respons på naturpostkort

Miljøvernminister Erik Solheim sendte postkort til alle ordførarane i 2008. No har Naturvernforbundet spurt kva ordførarane har gjort. Berre ein av tre ordførarar har gjort noko for å sikre sin art.

I 2008 sende miljø- og utviklingsminister Erik Solheim eit postkort til alle ordførarane i landet. Kvart kort var pryda med eit bilde av eit dyr, ein sopp eller ein plante som krev særskilt merksemd av di dei er truga av utrydding eller kan stå i fare for å bli ein truga art. Målet med dei til saman 430 postkorta, var å oppfordre lokalpolitikarane til å gjere ein innsats for å ta vare på mangfaldet i norsk natur.

Etterpå blei det kanskje litt stilt, til tross for at 2010 er Naturmangfoldåret. Dette fekk Naturvernforbundet til å gjennomføre ei spørjeundersøking. Vi sende epost til alle ordførarane og spurde om dei har sett inn tiltak eller om dei har planar om tiltak for den arten miljøvernministeren utfordra dei på. Tidleg i haust blei det kjent at over halvparten av kommunane ikkje hadde gjort noko med sin art i det heile.

Naturvernforbundet har no samanstilt opplysningane frå Møre og Romsdal og etterlyst fleire svar. Resultata er kanskje enda meir nedslåande i vårt fylke. Berre ein av tre ordførarar i vårt fylke har gjort noko for å sikre arten sin. Det er likevel sju kommunar som Naturvernforbundet vil gi ros til. Desse er:

·        Fræna

·        Haram

·        Rauma

·        Rindal

·        Sula

·        Sykkylven

·        Ørsta

I tillegg er det to kommunar som har varsla at staten har verna eller varsla vern av leveområda til den aktuelle arten. To av kommunane har leita, men ikkje klart å finne arten sin. Fem kommunar svart at dei ikkje har gjort noko, medan dei siste tjue kommunane har ikkje svart, heller ikkje på purringar.

Sjølv om dei kan vere lite kjent blant folk, er det er mange viktige artar kommunane har fått ansvar for. Naturvernforbundet vil særleg nemne elvesandjegeren som Surnadal kommune har fått ansvar for. Dette er ei bille som lever på sandflater langs større vassdrag, og som styresmaktene har laga ein særskilt handlingsplan for. Surnadal kommune burde ta på alvor at dei har ein slik art innanfor sine grenser, men kommunen har ikkje svart på undersøkinga.

No i november kom det ein ny Rødliste med oppdatert status for truga artar. Dette har ført til at nokre av artane har annan status enn det som står i tabellane.