For lite støtte til fjerning av kjempespringfrø
Kva gjer ein med kjempespringfrø som spreier seg? Sett i gang tiltak for å fjerne problemet?
Naturvernforbundet har god kompetanse på framandartar, og kan difor setje av tilsetteressursar på å rydde vekk kjempespringfrø i nærleiken av ei slåttemark på Eikrem i Tingvoll. Miljødirektoratet har truleg ikkje så veldig mykje pengar til føremålet. I alle fall var søknaden på kr 11190 og løyvinga på kr 3200. Naturvernforbundet ser seg nøydd til å avgrense ressursbruk når ein manglar finansiering, så no vil mesteparten av ryddeprosjektet ikkje bli noko av.