Forollhogna blir fortsatt jervområde
Etter at NINA med fleire har gitt sin rapport om Forollhogna og jerven, gjorde rovviltnemnda i region 6 ferdig si vurdering knytt til forvaltingsplana på møtet 20. mars. Nå er det klart at Forollhogna fortsatt skal vere område med mål om yngling av jerv.
Saka har vore ein gjengangar, og nemndsleiar Arne Braut har sett mykje inn på at Forollhogna skulle ut av yngleområdet for jerv, slik at beitedyra kunne prioriterast og matmeldinga sitt mål om auka matproduksjon kan oppfyllast. Det blir nemnda no nøydde til å oppfylle på annan måte.
NINA gjorde det klart at uttak av Forollhogna høgst sannsynleg ville ført til større byrde for resten av områda som har mål om yngling i Sør-Trøndelag. Også det område med beitedyr. Dessutan ville konflikten med tamreindrifta sannsynlegvis ha auka på. Såleis var det råd frå både reindriftshald og fleire av landbruksorganisasjonane om å halde fram med Forollhogna som jervynglingsområde. Den delen av ynglemålet som ikke blir nådd i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal, har elles tradisjonelt Nord-Trøndelag måtte ta ansvar for, så også derifrå var det støtte til Naturvernforbundet sitt syn.
Vi er glade for at denne saka nå er avklara, seier Øystein Folden og Per Flatberg, som deltok som observatørar på møtet. Det er store nok utfordringer med å nå ynglemålet for jerv når Forollhogna er med i yngleområdet, så dette var viktig. Sjølv om saka no er avgjort, er det ikkje dermed sagt at arbeidet er sluttført. Forollhogna har store verdiar som kulturlandskap. Dette må pleiast. Som fagrapporten som blei lagt fram i denne saka fortel om, er det ikkje nok berre å sleppe ut meir sau i Forollhogna. Tradisjonelt er det storfe som har stått for ein god del av beitinga, og storfeet har annan vegetasjon på matsettelen enn det sauen har. Det er no nødvendig å stimulere til auka storfebeite i Forollhogna. Ved å utføre meir beite med storfe, så vil det i tillegg til gunstigare beiting også gi mindre tap til rovdyr. Naturvernforbundet sine fylkeslag i Midt-Noreg vil derfor be rovviltnemnda i region 6 om å jobbe for auka storfebeite rundt Forollhogna i tida framover. Det er tiltak som vil vere konfliktdempande, det tar vare på kulturlandskapet i området og det er bra for jerven.