Forsøpling på Sula – Naturvernforbundet ønskjer opprydding

Naturvernforbundet ønskjer at Sula kommune rydder opp i forsøplinga i Langevågen snøggast råd, og at det blir gjennomført tiltak for å stoppe framtidig forsøpling. Kommunen må gjøre det klart at all brenning av avfall heretter vil bli meld til politiet. Det er også nødvendig å informere betre om dei ordningane Sula kommune tilbyr på avfallsfeltet.

I Sulaposten torsdag 25. oktober 2007 er det eit oppslag om ulovleg avfallsdeponering i Fyllingen. I oppslaget blir det også tatt opp at det ofte foregår ulovleg avfallsbrenning same staden, og at dette også kan skje med det avfallet som no er deponert. Ut frå det Sulaposten skriv om samansetninga av avfallet som er dumpa, er det klart at det m.a. er avfall som innehalder særlig farlige stoff og som difor skal samlast inn spesielt for å unngå at det blir blanda inn i ”vanleg” avfall.

Naturvernforbundet har merka seg at dette ikkje er første gang ulovleg avfallshandtering er tema i Sulaposten. Dei siste åra har det både vore ein sak om bygg- og rivingsavfall på eit massedeponi for ”reine massar” på Vedde og ein sak om eit nedbrent hus på Fiskarstranda etter nattleg brenning av avfall. Det har også vore påvist dumping av matrestar mellom Eikrem og Sulesund. Så seint som mandag 22. oktober 2007 observerte eit medlem i Naturvernforbundet at det rauk frå ein avfallsomn som står bak huset til Mimo maskin i Mauseidvågen. Medlemmene til Naturvernforbundet i kommunen er generelt samde om at ulovleg dumping og brenning av avfall, t.d. i fjøra og i ulovleg omnar, framleis er eit stort problem i Sula, til tross for at kommunen har ein avtale med Ålesund kommune om gratis levering av avfall til gjenvinning på Bingsa. Naturvernforbundet får også mange tips om slik ulovleg forsøpling og brenning.

Det er mange problem med ulovleg dumping og brenning av avfall. Avfall innehalder farlege stoff som kan sive ut i miljøet og kome att i maten og vatnet vårt. Avfallet som brennast kan også danne nye farlege stoff som gir fare for helseskader. Det som er avfall for ein er råvare i industri for ein annan. Ved å gjenvinne materialane i avfallet reduserer vi forureininga frå uttaket av nye ressursar, gjenvinning av eit tonn plast sparar miljøet for to tonn CO2, gjenvinning av eit tonn kopar sparar miljøet for tjue tonn CO2. Den lokale forsøplinga er også ei ulempe.

Naturvernforbundet har lokallag over heile landet, mange av desse har arbeidd mykje med ulovleg dumping og brenning av avfall. I Buskerud har innsatsen vore særskilt høg og systematisk over lang tid. Naturvernforbundet i Buskerud har saman med Natur og Ungdom laga ei rettleiing for naturvernarar som finn ulovlege avfallsdeponi. Rettleiinga er tilgjengeleg på /cgi-bin/naturvern/imaker?id=98623. Dette initiativet har ført til at Statens forurensningstilsyn (SFT) har bede fylkesmennene om å gjøre ei kartlegging av forsøpling. Dette har ført til at Møre og Romsdal fylke har bede alle kommunane i landet, også Sula kommune, om å gjøre greie for problematikken innan 15. november i år. Saka i Fyllingen er med andre ord aktuell.

Konkret meiner Naturvernforbundet at Sula kommune må innføre fem tiltak for å gjøre situasjonen betre:

1) Rydd opp i Fyllingen!

Sula kommune må ikkje vente til dei skuldige er lokaliserte. Rydd området for ulovleg avfall no, sørg for sortering og godkjend behandling av det som blir rydda og forsøk å spore opp så mange av dei skuldige som råd. Syt også for at området blir vanskelegare tilgjengeleg for framtidig dumping. Rekninga for oppryddinga må sjølvsagt sendast til dei som har dumpa avfallet, men det som ikkje kan sporast må kommunen truleg dekke rekninga.

For ordens skuld vil Naturvernforbundet nemne at dette er ei oppmoding i samsvar med forureiningslova § 37 tredje ledd. Dersom opprydding ikkje er sett i verk innan mandag 19. november vil Naturvernforbundet vurdere klage saka inn for Møre og Romsdal fylke. Då må vi også vurdere å melde saka til Politiet. I oppslaget i Sulaposten blir det sagt at det er aktuelt å sette fyr på det avfallet som ligg i Fyllingen. Naturvernforbundet vil varsle at vi vil melde slik ulovleg brenning til Politiet.

Naturvernforbundet vil minne om at vi fleire ganger munnleg har kontakta kommunen for å få opprydding i ulovleg dumpa avfall mellom Eikrem og Sulesund. Vi vil be kommunen om å rydde opp her samstundes som det blir rydda i Fyllingen.

2) All dumping og brenning av avfall må meldast til Politiet!

For å få gjort noko med den ukulturen som har oppstått når det gjeld dumping og brenning av avfall i Sula, er det nødvendig å vere konsekvent og tydeleg. Slik ulovleg avfallshandtering er straffbar etter § 79 i forureiningslova. Naturvernforbundet meiner dette tyder at Sula kommune konsekvent må melde all dumping og brenning av avfall til Politiet. På den måten blir konsekvensane tydelege for alle, og alle blir behandla likt. Naturvernforbundet har hatt møte med Politiet, og denne oppfordringa er i samsvar med den Politiet har gitt oss.

3) Informasjonen om dei kommunale ordningane må bli betre!

Dei som bur i Sula kommune har høve til å levere avfall gratis til sorteringsstasjonen på Bingsa i Ålesund. Ei kommunal ordning som er både god og gratis burde sjølvsagt vere godt kjent, men Naturvernforbundet meiner Sula kommune bør nytte større ressursar og fleire informasjonskanalar enn i dag for å informere om kva typer avfall som må leverast separat av di det er farleg for miljø og helse, kjeldesortering, gjenvinning, innsamlings- og bringeordningar, avfallsførebygging og miljø.

4) Dei kommunale avfallsordningane må bli betre!

Naturvernforbundet var med på å kåre avfallshandteringa i Sula til den dårlegaste på Sunnmøre i ei kåring i regi av Sunnmørsposten i sommar. Naturvernforbundet har også fleire ganger oppmoda Sula kommune om å gi innbyggjarane betre tilbod om avfallsgjenvinning. Vi er kjente med at kommunen no ventar på resultata av eit interkommunalt utgreiingsarbeid i regi av Ålesundregionens utviklingsselskap (ÅRU). Naturvernforbundet vil gjerne få tilbakemelding på kva kommunen meiner om dei konklusjonane ÅRU har presentert så langt.

5) Innfør tilsyn med handteringa av næringsavfall og bygg- og rivingsavfall

Naturvernforbundet registrerer at Sula kommune i mange år har hatt høve til å innføre eit regelverk for å få kontroll med bygg- og rivingsavfall gjennom krav om avfallsplanar. Kommunen har i like lang tid hatt høve til å etablere ei ordning for å føre tilsyn med handteringa av næringsavfallet frå verksemdene i Sula. Etter det vi kan sjå har kommunen ikkje gjort noko for å følge opp dette. Slik situasjonen er no, er risikoen høgere for at farlig avfall og mykje anna avfall havnar på stader der det kan gjøre skade.

For meir informasjon kan leder Kjersti Finholt i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn kontaktast på telefon 92 29 97 38. Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les brevet til Sula kommune

Svar frå Sula kommune i januar 2008