Forureining i Vestnes

Åpent brev til forureinarar og politikarar frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Vi skriv no 2010 og samfunnet har etter kvart fått eit forureiningslovverk med tilhøyrande moglegheiter for innsamlingsmåtar og opplagringsplassar på plass for farleg avfall, men framleis står det store opplagringsplassar av bilvrak og anna miljøskadeleg avfall på ei rekke stader i Vestnes kommune nært vassdrag og utmarka generelt. Kva slepp alle desse vraka samla sett ned i jordsmonnet og grunnvatnet av miljøfarlege stoff? Ulovleg bålbrenning av større mengde bildekk, treverk og store mengde industriplast har me sett støtt og stadig over heile kommunen i ei lang årrekkje. Nokre av støttebjelkane i det lokale næringslivet har vore av dei verste miljøsvina siste 20 åra. Ingen tek tak i det av dei som kan ha makt til å gjere noko. Vi vil gjerne ha næringsliv som tek eit naturleg miljøansvar. Dei som gjer det treng ikkje ta til seg kritikk. Noko avrenning frå landbruket må og påreknast framleis. Det er ei rekke kanalar og grøfter å sjå med avsig av pressaft i enno. Sannsynlegvis er gjødselkjellarane nokre stader sprengfulle. Vi forventar meir av industrieigarar, gardbrukarar og folk som forureinar generelt enn slik vitlaus framferd som dykkar framferd bær preg av. Ein unge i barnehagen utklassar dykk i miljøkunnskap og haldningar til naturen tvert. Nokre av dykk bedriftseigarar og gardbrukarar har teke ansvar for å rydde opp siste åra, og det er verkeleg bra. Dykk kan og sjå vekk frå denne kritikken.

Lokal og ansvarleg miljøpolitikk i praksis er lokalpolitikarane sitt primære ansvar å fremme, heilt uavhengig av politisk parti og partiets ibuande ideologi. I Vestnes finnest det nokre få miljømedvitne politikarar, og dei få som veit kva eit miljøansvar er for noko er heller ikkje medrekna i denne kritikken. Ståa siste åra har vore at ei gruppe idealistar i eit Naturvernlag gjer andre sitt arbeid utan ei krone i støtte. Vi er eigentleg temmeleg lei av å gjere dei folkevalde pliktane dykkar gratis, medan dykk får møtehonorar for mellom anna å ikkje ta miljøproblema på ein ansvarleg måte. Mykje av det vi har gjort siste tre åra er arbeid som sorterar under dykkar tillitsvalde rolle som lokalpolitikarar. Vi jobbar diverre lite med naturen i praksis som naturvernarar. Vi må nemleg konstant gjete og bøte på dykkar slette innstilling til viktige samfunnsproblem. Vi spør difor: Er det rett og slett slik at fleirtalet av dykk med politiske verv er for feige til å gå i rette med miljøsvin? Svar oss på dette dykk som er partileiarar i Vestnes eller dykk som sitt i kommunestyret og formannskapet. Sett svaret til offentleg skode i media. Lokalpolitikarane er knappast inne i noko form for offentleg miljødebatt i Vestnes. Til dømes ser vi ikkje noko av at Venstre, Høgre Kristeleg Folkeparti eller Senterpartiet markerar seg i det heile tatt i slike spørsmål i Vestnes. Fremskrittspartiet treng vel og betre miljøkunnskap visst dei vil inn å lære å styre anna enn berre næringspolitikk og justisspørsmål i åra som kjem? I Sv og Ap finnest det nokre få, men det er no berre nokre einslege svaler som ikkje kan skape miljøsommar aleine. Lokallaget av Naturvernforbundet driv på tredje året og registrerar ulovleg avfall langs vassdraga som renn ut i Tomrefjorden og Tresfjorden. Her har laget etter kvart opparbeida ein dialog med kommunen og fleire grunneigarar. Det er definitivt ikkje fleirtalet av politikarane som har brydd seg med dette arbeidskrevjande registreringsarbeidet vårt. Nokre av dykk politikarar har faktisk prestert å verte irriterte når innbyggarar påpeiker at dei opplever kommunen som ei avfallsdynge nokre stader. Nokre har nyleg fornekta fakta frå talarstolen, sjølv om vårt arbeid samt kommunerevisjonen og fylkesrevisjonen via rapportar, peikar på at dette er eit kommunalt ansvar som er kraftig forsømt.

Skal det verkeleg vere slik at kvar skrotsamlar og forureinar skal få lov til å definere seg sjølv og avfallet sitt vekk frå lova i Vestnes? Har vi vorte ein slags eigen utmeldt republikk her i kommunen med manglande interesse for lovverk og eigenmektig sjølvjustis i alle retningar innan ulike miljøspørsmål? Skuld ikkje på kommuneøkonomien som politikar eller embetsmann, for i ei lang årrekkje med kunstig god kommunaløkonomi via høge statlege overføringar, gjorde dykk og forgjengarane heller ikkje noko for å ta tak i desse problema. Skuld på eigen ukultur for å lukke auga for tungavfall langs vassdrag, ulovleg oppretta fyllingar i grustak og dumping langs sjøareal. Bruk bøtlegging eller vekkøyring på forureinars rekning konsekvent der dei ansvarlege måtte nekte å ta tak i sine eigne miljøsynder. Har ny grunneigar teke over eigedom med forureina grunn er det ein del av overtakinga å ordne opp i dette seier lova. Lær dykk lovverket i forureiningslova og sjå gjerne grundig på naturmangfaldslova og friluftslova samstundes. Via lovheimlane i desse lovane vil dykk snart sjå att lovbrota florerar på natur og miljøsida i Vestnes. Forureiningslova § – 37.3 ledd synleggjer dykkar politiske og udiskutable ansvar som lokal mynde for forureiningsproblematikk. Sjekk www.lovdata.no. Sjekk kva Fræna kommune driv med om dagen utan å ha slike gratisarbeidarar som oss å ta av.

Bernt Gjelsten er leiar av Naturvernforbundet i Vestnes. Han har telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen