Forureining langs vassdrag i Vestnes – Naturvernforbundet lanserer ny rapport
Naturvernforbundet i Vestnes har som mål å synleggjere den miljøskadelege og ulovlege dumpinga av avfall i nærleiken av vassdraga i kommunen. Mellom 2009 og 2012 har Naturvernforbundet i Vestnes registrert forureninga og dumpinga av avfall langs fleire av vassdraga i kommunen.
Seks nye og gamle rapportar frå 2009 – 2012 er no snart ferdigredigerte i regi av Naturvernlaget i Vestnes. Dette gjeld vassdraga: Viåna,Fiksdalselva,Gjelstenelva, Remmemselva, Misfjordelva og Løvikelva.
Naturvernforbundet påviser imponerande mengder miljøskadeleg avfall og utfordrar Vestnes kommune som forureiningsmynde til å ta tak i oppryddinga av dette.