Forvaltningsplan for vatn i Møre og Romsdal – fråsegn frå Naturvernforbundet
Møre og Romsdal fylkeskommune har sendt på høyring forslag til regional forvaltningsplan. Naturvernforbundet har ei rekke kritiske kommentarar.
![](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2013/02/Liafossen28129.jpg2028articledisplay29.jpg)
Naturvernforbundet sine kommentarar kort oppsummert er:
1) Prosessen for medverknad frå naturverninteressar har vore mangelfull.
2) Dei store utfordringane oppdrettsnæringa representerer, er i liten grad belyst i planforslaget.
3) Planen representerer lite konkret når det gjeld vasskraft. Naturvernforbundet har gitt eit konkret innspel om vilkårsrevisjon for Mørevassdraget. Dette er ikkje drøfta i planforslaget.
4) Landbruksavrenning er i liten grad behandla og sett i samanheng med driftsformar i landbruket.
5) Naturvernforbundet etterlyser ein konkret strategi for opprydding i gamle synder.