Fossilgass og biogass
Arve Olaf Otlo har eit innlegg i Sunnmørsposten 14. februar der han skriv om auka bruk av gass, m.a. i bussar i Sverige.
Gassen som ofte blir kalla naturgass er for det meste metangass. Metan blir danna når organisk materiale blir brote ned og det ikkje er luft til stades.
Det er fleire kjelder til metan. Den mest bruka er fossil metan, altså metan som har blitt danna gjennom millionar av år. I Noreg utvinn vi mykje fossil metan i Nordsjøen. Problemet med å ta i bruk denne fossilgassen er at det å brenne mykje fossilt metan gir store utslepp av karbondioksid, CO2, frå kjelder som har vore ute av atmosfæren i fleire millionar år. Dette gir dei farlege og urettferdige klimaendringane vi har høyrt mykje om i det siste.
Metan blir også danna i søppelfyllingar, i gjødselkjellarar og vi kan produsere det industrielt med nedbryting av matavfall og kloakk. Då kallar vi det biogass. Sjølv om også biogass er metan, og gir CO2-utslepp når vi brenn det, så kjem desse utsleppa berre frå kjelder som allereie er ein del av atmosfærekretsløpet, og dette blir difor ikkje rekna som farlege utslepp. I Sverige blir biogass bruka i stort omfang, m.a. som drivstoff i bussar.
Også her i landet ligg det godt til rette for å auke bruken av biogass. Tafjord Kraftvarme har søkt om å få doble kapasiteten i forbrenningsanlegget sitt på Grautneset. I Naturvernforbundet har vi forsøkt å få Tafjord Kraftvarme til å gjere dette gjennom å byggje eit biogassanlegg ved sidan av den omnen dei har i dag. Naturvernforbundet meiner dette vil gi ei betre miljømessig løysing enn å auke den tradisjonelle brenninga. Samstundes ligg det godt til rette for ei god industriell løysing.
I Hordaland har Naturvernforbundet og Hordaland Olje og Gass, ein samarbeidsorganisasjon for olje- og gassnæringa, samarbeida om å utgreie auka bruk av biogass i fylket. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har tatt til orde for ei liknande utgreiing her i fylket. Tar nokon utfordringa?
Øystein Folden
Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar