Framande artar – gløymast stadig

Statkraft vil grunnbore ved Reinsvatnet i Torbudalen. Det er greitt, men hindring av spreiing av framande artar er gløymt – denne gongen også.

Verneområdestyret for Dovrefjell gav 15.9.2023 løyve til Statkraft til grunnboring ved Reinsvatnet. Dammen skal forsterkast og eigna stein må til. Grunnboring er nødvendig.

Verneområdestyret handsamar dette greitt, men på eitt punkt går det gale. Det står ikkje noko i vilkåra om at reiskap og utstyr må vere reingjort før det blir frakta til fjells. Svært mange tilfelle av spreiing av framande artar skuldast at anleggsmaskinar ikkje er reingjort. Det er ikkje berre jord på belter og grabb, men også frø og plantedelar.

Verneområdestyret bør i grunnen legge inn eit standardpunkt i sakshandsaminga si om tiltak mot spreiing av framande artar. Det er nesten alltid aktuelt og kan ikkje få merksemd nok.

I akkurat denne saka bør det vere eit vilkår om reingjering av maskinar, og dessutan oppfølging nokre år i etterkant for å sjekke om det dukkar opp noko likevel. Dette er enkle krav som Verneområdestyret og Statkraft fort bør kunne bli samde om. Så snart det er på plass, vil Naturvernforbundet trekke klaga, som du kan sjå nedanfor.