Framleis for mykje fritt fram for heli-skiing på Sunnmøre og i Romsdal

Også dette året har eit magasin søkt om løyve til å lande med helikopter for å filme ekstremskisport i høgareliggande, utilgjengelege og alpine strøk i fylket. Dette året har Naturvernforbundet vore meir førebudd på at desse søknadene ville kome. Klagesakshandsaminga på tilsvarande løyve sist vinter har ført til at i alle fall nokre kommunar har lagt meir arbeid i vurderinga av desse søknadene.

Stordal kommune har gitt eit løyve avgrensa til areal der det er mykje alpin aktivitet frå før og vore medvite på at andre delar av kommunen skal vere fri for motorferdsel. Ørsta kommune som gjorde eit godt arbeid også sist år med avgrensing av løyvet har følgd opp dette ytterlegare i år. Magasinet får lov til å bruke noko av kommunen, men i størst mogleg grad område som ligg slik til at dei er påverka ein del av støy frå før. Skal ein først gje løyve til slik verksemd, er dette ein god måte å løyse det på, sjølv om Naturvernforbundet gjerne hatt sett eit mindre omfang.

Med slike haldningar får vi både lyst til å bruke områda i ein slik kommune for å utøve enkelt friluftsliv og fortelje det til andre. Kan hende vil det også vere grunnlag for ein type turisme som bruker slike område til stillfaren rekreasjon. Lokal sysselsetjing og varekjøp med ei slik verksemd kan jo også bety noko om ein får til eit slikt opplegg, noko helikopterløyva sjeldan gjer.

Stranda kommune derimot har gitt løyve til det som er søkt for heile perioden og heile arealet utanom verneområde. Også område som er prioritert som urørtområde i fylkesplana har dei gitt løyve i. Sykkylven kommune har også gitt løyve utan særleg atterhald. Løyvene i Stranda kommune og Sykkylven kommune har Naturvernforbundet no klaga på. Motorferdselslova har som utgangspunkt at natur skal vere fri for motorferdsel. Når ei verksemd finn stad år etter år med dispensasjon er dette utholing av lovverket. Skal ei slik framferd godtakast, skal det skje etter lovendring i Stortinget og ikkje etter unnataksvurderingar i kommunane. Løyva som er gitt fortrenger anna verksemd, både når det gjeld friluftsliv og næring. Naturvernforbundet kjem ikkje til å arbeide for vinterturismesatsing med grunnlag i urørte naturverdiar i Stranda og Sykkylven etter dette.

Enkelte har kritisert Naturvernforbundet for å bruke for mykje tid på desse sakene om helikopterbasert skiturisme. Naturvernforbundet har sett det som viktig å sette fokus på motorferdselssakene også i vårt fylke no som Regjeringa har varsla ein ny lov om motorferdsel i utmark. For Naturvernforbundet er det viktig å sikre eit ikkje-motorisert friluftsliv i Noreg for framtida, og det er viktig at reiselivssatsinga blir meir berekraftig og dermed naturbasert enn ho har vore til no.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han har telefon 91 81 25 42.Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Dispensasjon for helikopterlanding – Eikesdal 2009

Saksframlegg dispensasjon Eikesdal 2009