Framtidsretta forslag om «klimavennlege bilar»

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Venstre og SV har begge landsmøtevedtak om å arbeide for eit forbod mot sal av nye bilar som berre kan nytte fossilt drivstoff. Forbodet skal gjelde frå 2015. Det skal berre vere eit forbod retta mot salet av nye bilar. Det vil altså framleis vere lov til både å køyre med og selje eldre bilar som berre kan gå på fossil bensin eller diesel.

Når enkelte har hissa seg voldsomt opp over dette forslaget, og hevda at partia her er på ville vegar, må det byggje på ei misforståing. Den praktiske konsekvensen av forslaget vil vere at den enkelte vil få valfridom til å køyre på fornybare drivstoff om dei ønskjer det. Vi er mange som eig ein bil, og som av og til har bruk for å køyre han, men som ikkje har noko sterkt ønskje om å forureine av den grunn.

Det er også viktig å hugse at det allereie i dag finst fossilfrie alternativ for dei fleste storleikar og typar av bilar. Dette utvalet blir stadig større. Dei aktuelle alternativa vi har i dag (for personbilar) er:
– elektriske bilar og (frå seinare i 2009) plug-in hybridar som kan nytte elektrisitet eller bensin
– bilar som kan gå på E85 (etanol) eller bensin
– bilar som kan gå på biodiesel eller vanlig diesel
– bilar som kan gå på biogass eller «naturgass»
– bilar som kan gå på biohydrogen eller fossilt produsert hydrogen.

Det er vel få som trur dette utvalet vil vere dårlegare i 2015. Dessutan er det stor grunn til å tru at utvalet av berekraftige klimavennlege drivstoff vil større over heile landet i 2015. I 2009 og 2010 vil vi sjå ei storstilt utbygging av ladestasjonar for el-bilar. Det er konkrete planar om å byggje ut fleire fyllestasjonar for hydrogen, og Noreg har allereie det største nettet i verda; det er no mogleg å køyre heile E18 frå Stavanger til Oslo på dette drivstoffet. Frå matavfallet vårt kan vi produsere nok biogass til heile bilparken, og vi produserer allereie store mengder etanol og biodrivstoff som truleg oppfyller Svanemerkekrava når det gjeld berekraft og klimanytte.

For dei som har følgd med i miljødebatten og kjenner klimautfordringane, er det ikkje vanskeleg å sjå at når vi kjem til 2015, så vil forslaget frå Venstre og SV frå 2009 bli sett på som «for lite for seint» i arbeidet mot klimaendringane. Når det likevel er grunn til å rose desse partia for å ha fremje dette forslaget, så er det fordi det er eit forslag som kan gi forutsigbarheit og langsiktigheit, to forhold som lenge har mangla i norsk klimapolitikk. Vi får difor berre håpe at fleire parti kan slutte seg til forslaget.

Dersom Noreg allereie no kan vedta eit forbod seks år fram i tid, så vil dette nemleg ha fleire fordeler. Det vil gi høve for staten til å bidra til å få på plass infrastruktur for klimavennlige drivstoff. Det vil også gi høve til heile offentleg sektor til å gå foran (kanskje allereie frå 2010) når det gjeld å kjøpe inn bilar som oppfyllar 2015-kravet, for på den måten å auke etterspurnaden etter bilar og drivstoff. Det vil dessutan gi bilbransjen høve til å orientere seg i marknaden når det gjeld bilar som kan nytte klimavennlige drivstoff, tilpasse seg når det gjeld utval av bilmerke og modellar og skaffe seg kompetanse på service og oppfølging av dei nye teknologiane. Kanskje vil det til og med vere tid nok for Finansdepartementet og Stortinget til å tilpasse avgiftsstrukturen for å stimulere betre enn i dag til bruk av klimavennlege drivstoff.

Gjennom å sette dette klimamålet kan vi få til ei stor reduksjon i klimagassutsleppa frå samferdselssektoren. Det bør vi alle ha felles interesse av; dette er den sektoren som aukar utsleppa sine raskast i dag, og det har vore vanskeleg å få politikarane med på andre forslag som har klimaeffekt.

Og så kan vi kaste oss over dei tiltaka vi må sette i verk for å redusere det totale transportarbeidet. For vi treng ikkje alltid å køyre bil, av og til er det betre å sykle, ta bussen, toget eller telefonen.

Øystein Solevåg

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kontaktperson for denne saka er Øystein Solevåg, telefon 40 23 47 05. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen